ID-porten vinnar av «Rosing-pris»

Foto av Rosing-pris diplomet

ID-porten vann Rosings IT-Sikkerheitspris for 2018. Den norske dataforening (DND) sa i grunngjevinga for prisen at løysninga har vore, og er ein hjørnestein i digitaliseringa av Noreg som nasjon.

Publisert: 18. okt 2018, Sist endra: 29. okt 2018

Vinnaren ID-porten var ein av tre nominerte i kategori IT-sikkerheitspris. Målet med prisen er å skape interesse for, og markere verdien av IT- og informasjonssikkerheit. Årleg deler Den norske dataforeining ut seks ulike prisar, der prisen IT-sikkerheit er den eine.

- Å vinne denne prisen er både ei tillitserklæring og ei anerkjenning av ei fellesoffentleg løysing som er heilt avhengig av tillit hos både innbyggarane, offentleg sektor og leverandørmarkanden. Det at ID-porten blir skildra som ein hjørnestein i digitaliseringa, stadfester at fleire ser verdien av dei nasjonale fellesløysingane som eit godt verkemiddel i omstilling av offentleg sektor, seier avdelingsdirektør i Difi, Torgeir Strypet.

Den norske dataforening (DND) om ID-porten

DND seier mellom anna at ID-Porten er ei felles sikker, enkel og føreseieleg innloggingsløysing til offentlege tenester på nett. ID-porten har i dag over 4 millionar unike brukarar, med 870 verksemder som kundar, og ca. 2000 tenester. Løysinga gir alle innbyggarar ein enklare kvardag med sikker pålogging til digitale tenester frå offentleg sektor.

Vidare seier dei også at ID-porten i ein 10 årsperiode har tilpassa seg ny sikkerheitsteknologi, og har tilrettelagt for å dekke nye og framtidige behov for offentlege tenester. Kvart år sidan 2013 har talet på innloggingar auka monaleg og dette er eit tydeleg teikn på at tenesta har vore ein stor suksess, og at brukarane har stor tillit til ID-porten også i framtida.

Grunngjevinga for at ID-porten fekk prisen

Juryen for Rosing IT-sikkerheitsprisen, leia av business security officer, Renate Thoreid frå Telenor, har valt ein kandidat som set offentlege elektroniske tenester i Noreg på kartet. Juryen har lagt vekt på at ID-porten har utmerka seg ved at løysinga har hatt stor utvikling over tid og at brukarar og verksemder har stor tillit til denne nasjonale fellesløysinga. 

- Det er ein vel fortent pris Difi har fått! Det var fleire i det store landsomfattande nettverket vårt som føreslo ID-porten som kandidat til prisen, seier generalsekretær Christian Torp i Den norske dataforening.

Sharethis

Kontakt