Difis nettstader

Difi jobbar med mange ulike fagområde, og tilbyr fleire nettressursar saman med hovudnettstaden Difi.no. Nokre fagområde er så store at dei har ein eigen nettstad, og noko av det vi jobbar med har andre behov for presentasjon av innhald og tekniske løysingar enn Difi.no klarer å tilby.

Her er ei oversikt over nettstadene til Difi, og føremålet med dei ulike nettstadene:

Anskaffelser.no

Gjennom fagportalen Anskaffelser.no tilbyr Difi kunnskap, rettleiing og praktiske verktøy til innkjøparar, leiarar og leverandørar. Du finn informasjon om anskaffingsprosessen steg for steg, anskaffingar innan bygg, anlegg og eiendom, og om elektronisk handel. Du kan også sjå korleis du varetar miljøkrav, sosialt ansvar og innovasjon i offentlege anskaffingar.

Arbeidsgiver.difi.no

Difi skal støtte og rettleie statlege arbeidsgivarar, leiarar og HR. Arbeidsgivarportalen skal vere samlepunktet for kunnskap, erfaringsdeling og rettleiing på områda arbeidsgivarpolitikk, omstilling, leiing og kompetanseutvikling i staten. Der finn du samla nyttige og relevante fagsider, gode eksempel, malar, verktøy, lenker og anna støttemateriell på ein stad. Erfaringsrommet er ei teneste der arbeidsgivarar og HR i staten kan dele sin kompetanse og røynsle med andre i statlege verksemder. Rettleiingstenesta gir direkte rettleiing og støtte i meir komplekse saker, eller i saker som du ikkje finn svar på i portalen.

Data.norge.no

Data.norge.no er eit nasjonalt register over opne offentlege data i Noreg. I tillegg finn du også informasjon om arbeidet med opne data, rettleiing i tilgjengeliggjering og informasjon om Norsk lisens for offentlege data (NLOD).

Doffin.no

Den nasjonale kunngjeringstenesta Doffin.no er nettstaden der alle offentlege verksemder i Noreg publiserer informasjon om sine innkjøp, anten det er frivillige kunngjeringar under nasjonal terskelverdi, nasjonale kunngjeringar eller kunngjeringar i heile EØS-området. Difi forvaltar DOFFIN på vegner av Nærings- og fiskeridepartementet (NFD).

Internkontroll-infosikkerhet.difi.no

Internkontroll i praksis – informasjonssikkerhet er eit nettbasert rettleiingsmateriale som skal hjelpe offentlege verksemder å etablere og vedlikehalde systematisk internkontroll (styring og kontroll) på informasjonssikkerheitsområdet. Materialet er hovudsakeleg retta mot dei som har ansvar for å støtte leiinga og væra pådrivarar i arbeidet med informasjonssikkerheit i verksemda, men det er også materiale retta mot leiinga og andre. Rettleiinga beskriv dei ulike aktivitetane de skal gjennomføra, og har og støtteverktøy, malar og eksempel som de kan bruke i arbeidet.

Kriterieveiviseren.difi.no

Kriterievegvisaren er ein nettbasert vegvisar som skal gjere det enklare for innkjøpare å stille krav til miljø- og samfunnsansvar i anskaffingsprosessen. Her finn dei formuleringar til krav og kriterium og korleis leverandøren skal dokumentere at krava blir følgde opp. Ved å klikke deg gjennom fem trinn kan du enkelt tilpasse spesifikasjonane dine og laste ned krava du ønskjer å bruke i anskaffinga. Dette er eit verktøy som brukast i ein konkret anskaffing. Anna rettleiing finn du på anskaffelser.no.

Ved lanseringa av Kriterievegvisaren finn du krav- og kriteriesett for totalentreprise og prosjektering (produktområde Bygg og anlegg) og for lette køyretøy (produktområde transport). Fleire produktområde kommer i løpet av 2018.

Laeringsplattformen.difi.no

Læringsplattformen kan heile staten finne og dele digital opplæring. E-læringskursa er gratis å bruke og innhaldet er skreddarsydd offentleg sektor. Du kan ta kursa som sjølvstudium, men dei eignar seg også godt for å bruke som ein del av internopplæringa i verksemda. Nokre av e-læringskursa kjem med implementeringsrettleiarar eller implementeringsmateriell til nedlasting. Du kan også laste ned kurs til eigen læringsplattform.

Noreg.no

Noreg.no er no ein vegvisar til digitale tenester frå statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar. Noreg.no skal sikre innbyggarane enkel tilgang til offentlege tenester på nett, på tvers av sektorar og nivå. Innbyggarane kan også få innsyn i eigne personopplysningar frå folkeregisteret, køyretøyregisteret og fastlegeregisteret via nettsida.

Plain.difi.no

Plain.difi.no er nettstaden for den internasjonale språkkonferansen PLAIN 2019 Clear communication – clear results, som Difi arrangerer i samarbeid med Språkrådet. Fram til september 2018 er sida i førebels versjon, med litt informasjon om konferansen og moglegheit til å melda seg som mottakar av nyheitsbrev om konferansen. Frå september 2019 vil nettstaden innehalde all informasjon om førespurnad om innlegg, program når det er sloppe, innleiarar, hotell, med meir. 

Prosjektveiviseren.no

Prosjektveiviseren er eit nettbasert rettleiingsopplegg for gjennomføring av IKT-prosjekt i offentleg sektor. Føremålet er å styrke leiing, planlegging og kvalitet i offentlege IKT-prosjekt, og medverke til gjenbruk og heilskap i IT-løysingane på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Prosjektveiviseren inneheld informasjon, krav og støttemateriell knytt til planlegging og gjennomføring av IKT-prosjekt i offentleg sektor.

Samarbeid.difi.no

Samarbeidsportalen er den primære informasjons- og varslingskanalen frå Difi kring fellesløysningane. Samarbeidsportalen innheld teknisk dokumentasjon, driftsinformasjon, nyheiter, relevante rapportar og statistikk for bruk av fellesløysningane. Offentlige verksemder og leverandørar inngår avtalar om bruk av fellesløsyingane elektronisk ved bruk av eSignering, melder inn saker, og vedlikeheld eigen kontakt- og virksomheitsinformasjon.

Uu.difi.no

uu.difi.no finn du informasjon om regelverket for universell utforming av ikt. Nettstaden gir rettleiing i korleis du kan følgje krava for nettløysingar, enten du jobbar med design og kode, eller publiserer innhald på nettsider. Du kan òg lære om ulike brukarutfordringar og få tips til korleis teste din nettstad. Sjølvbeteningsautomatar er òg omfatta av forskrifta, og du finn oversikt over krava og rettleiing om utplassering av slike automatar.

Publisert: 22. des 2014, Sist endra: 19. sep 2018

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*