DifiCamp – sommarjobb for IT-studentar

På DifiCamp får du jobbe tett saman med utviklingsmiljøet til Difi i arbeidet vårt med å utvikle og tilpasse IKT-tenester for offentleg sektor.

Er du IT-student og vil ha ein spennande sommarjobb? Då inviterer vi deg til å delta på DifiCamp i Leikanger i Sogn og Fjordane.

Sidan 2009 har Difi hatt sommarjobbar for IT-studentar, med 6-12 studentar kvart år dei siste par åra. I 2018 vert det totalt 11 plassar på DifiCamp. 8 av desse inneber å jobbe tett saman med utviklingsmiljøet om å utvikle og tilpasse ikt-tenester for offentleg sektor. Nytt i år er 3 stillingar der ein jobbar med testing av universell utforming (sjå uu.difi.no).

DifiCamp 2018 opna for søking 1. februar. Søknadsfrist er 26. februar.

Sjå stillingsannonsa
Les meir og send søknad

Føl gjerne vår Facebook-side, DifiCamp. Sjå òg alle ledige stillingar hos Difi.

Bilete av tidlegare studentar på DifiCamp-sommarjobb som badar i fjorden i LeikangerFoto: DifiCamparar som badar i fjorden i Leikanger.

Publisert: 24. jan 2018, Sist endra: 09. feb 2018

Sharethis

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*