På sommarjobb med Alexa

Studenter som deltar på DifiCamp 2019. Bilde

– Alexa, kor mykje får eg igjen på skatten? – Hei Google, har eg fått ny post i Digital postkasse? Spørsmåla haglar, men det er meir latter enn gode svar å få i det store møterommet ved Difi Leikanger. Det er DifiCamp.

Publisert: 02. jul 2019, Sist endret: 04. jul 2019

Mellom skjermar, drikkeflasker og utsikt til Sognefjorden er det småprat og stor mental aktivitet. Ein knatrar ivrig på tastaturet, ein annan teiknar på ein whiteboard mens ein tredje klør seg i sitt lyse hovud.

Dette er DifiCamp

Sidan 2009 har Difi hatt tilbod om sommarjobb for IT-studentar, med 6–12 studentar kvart år dei siste par åra.

I lag med utviklingsmiljøet på Difi jobbar studentane med å undersøke, prøve ut, utvikle og tilpasse ikt-tenester for offentleg sektor.

Sommaren 2019 er åtte studentar i sving på Leikanger. Det var 57 søkarar til årets DifiCamp.

Det handlar om at DifiCamp nummer elleve i rekka er godt i gang. Det var 57 søkarar til årets DifiCamp. Dei åtte studentane som kom gjennom nålauget, er no på plass i Leikanger og har kasta seg over krevjande oppgåver. For i år har DifiCamparane fått to oppdrag som absolutt utfordrar både innsikt, læreevne og kreativitet. Den eine gruppa skal undersøke korleis ein kan kople ID-porten med Internet of Things (IoT). Spørsmålet er om det er mogleg å gi dingsar som Alexa frå Amazon og Google Home tilgang til beskytta informasjon gjennom ID-porten. 

F.v. Vegard Staupe Vaglid, Kirsten Lunde Skaug, Petter Bjørseth og Mats Johan Pedersen.

 

– Ja, det trur vi. Men vi må nok ha fleire faktorar enn stemme for å autentisere brukaren, seier Kirsten Lunde Skaug, som er ein av fem NTNU-studentar i rommet. Dei synes oppgåva er spennande og krevjande. Kirsten og hennar gruppe skal i tillegg undersøke om ein kan bruke Alexa til å hente informasjon fra Kontakt- og reservasjonsregisteret ved å logge på med ID-porten.

F.v. Thomas Valvik Yttri og Øistein Haugland.

 

Den andre gruppa skal jobbe med eInnsyn. Oppgåva er å undersøke ulike alternativ for å handtere dei aukande datamengdene i løysinga. Det inneber at dei både skal vurdere tradisjonelle alternativ og mulege skyløysingar. Oppgåva dei har fått, er også utfordrande, og litt intern Difi-hjelp for å justere retning i arbeidet har vore både lærerikt og nødvendig.

F.v. Thomas Valvik Yttri, Øistein Haugland, Randi Gustad og Cathinka Guttormsgaard Johnsen.

 

– Der datt det på plass! Utbruddet kjem frå Øistein Haugland som tydelegvis sit i kodemodus og opplever eit slags gjennombrot på skjermen. Meir latter.

Det er i år tre kvinner og fem menn som skal bruke sommaren på koding og digital nøtteknekking. Studentane kjem frå NTNU, Oxford Brooks i England, Universitetet i Bergen og Universitetet i Sørøst-Norge.

Årets DifCamp starta 12. juni og går fram til 9. august. Undervegs deltek studentane på ein del interne kurs og held presentasjonar om oppgåvene dei jobbar med. 

Deldette

Kontakt