Difis haustkonferanse om informasjonssikkerheit i offentleg sektor

Høstkonferanse - informasjonssikkerhet - 2017

Difis haustkonferanse om informasjonssikkerheit vart gjennomført tysdag 24. oktober på Ingeniørenes hus i Oslo.

Publisert: 07. nov 2017, Sist endra: 29. okt 2018

Tema på årets haustkonferanse var to av dei fem tiltaksområda i Handlingsplan for informasjonssikkerhet i statsforvaltningen 2015-2017:

  • Styring og kontroll
  • Kunnskap, kompetanse og kultur

Dette er fjerde året Difi arrangerer ein eigen konferanse om informasjonssikkerheit. I år kom 154 deltakarar, og det tyder at det er stadig fleire som ønskjer å få med seg konferansen vår. Då oktober er nasjonal sikkerheitsmånad med fleire tilbod om konferansar, kurs og seminar om informasjonssikkerheit, så viser interessa at vi arbeider med utfordringar som er relevante og at konferansen hadde tema som var særleg interessante for tilsette i offentleg sektor.

Årets program hadde foredrag frå KMD, Datatilsynet, Direktoratet for e-helse, Nasjonal sikkerhetsmyndighet, NorSIS, Simula Research Laboratory og Myndigheten för samhällsskydd och beredskap i tillegg til våre eigne. Konferansen er hovudarrangementet til Difi i den nasjonale sikkerheitsmånaden.

Avdelingsdirektør Grete Orderud i Difi opna konferansen.

Programmet var tett, men den praktiske gjennomføringa gjekk bra. Vi er spente på evalueringa frå deltagarane. Ei tilbakemelding er at dei ulike fagmyndigheitene er godt koordinerte i tilnærminga til informasjonssikkerheit. Vi har forskjellige utfordringar og spørsmål knytt til kvar vår sektor, men i fellesskap er det mogleg å finne gode heilskaplege løysningar.

Årets konferanse vart avslutta med foredrag frå myndigheita som koordinerer arbeidet med informasjonssikkerheit i offentleg sektor i Sverige. Vi ønskjer at dette skal verte starten på eit nordisk samarbeid der vi kan dele erfaring og kompetanse på fagfeltet informasjonssikkerheit. I Sverige og i Noreg har vi prioritert ulike problemstillingar og vi kan derfor utnytte felles erfaringar i vårt eige arbeide i 2018.

Sharethis

Kontakt