Oppsummering frå innføringskurs i planlegging og gjennomføring av øvingar

Øvelser

Difis fyrste arrangement i sikkerheitsmånaden var eit innføringskurs i IKT-øvingar.

Publisert: 16. nov 2017, Sist endra: 10. jun 2019

Fleire engasjerte møtte opp måndag 2. oktober i Difis lokale for å lære om IKT-øvingar.

Vi starta med ein sesjon med dilemmatrening og eit dilemma om kvifor vi skal øve. Deltakarane syntest at dilemmatreninga fungerte godt i øvingssamanheng. 

Håkon Styri frå Difi lærte oss om hensikt og mål med øvingar, kvifor vi øver, korleis øvingar heng saman med styringssystem, kva vi bør øve på, korleis ein vel scenario og skriv dreiebok. Deretter hadde vi eit gruppearbeid der vi testa ut den nye kunnskapen.

Tilbakemeldingane sa at kurset ga fagleg nytte, at det var god variasjon mellom teori og gruppearbeid, og at kunnskapen var relevant for eiga verksemd.

Sharethis

Kontakt