Saman om felles mål? Korleis organisere, styre og finansiere tverrgåande oppgåver?

Forvaltinga er spesialisert og møter i dag ei rekkje samfunnsmessige utfordringar som er sektorovergripande. Sektorovergripande prosjekt og oppgåveløysing krev effektiv styring, samordning og samarbeid over sektorgrenser og mellom ulike verksemder. I denne rapporten er vi særleg opptekne av å formidle konkrete erfaringar frå nokre utvalde tverrgåande prosjekt og forvaltingssamarbeid.

Publisert: 22. des 2010, Sist endra: 09. jan 2019

Hovuddøma våre i rapporten er Altinn, Norge digitalt og eResept, medan vi også har gjeve korte skildringar av tre andre døme, EFFEKT-programmet i utlendingsforvaltinga, etableringa av Senter for utanlandske arbeidstakarar og gjennomføringa av rammedirektivet for vatn.

Vi oppsummerar både aktørane sine eigne erfaringar og vurderingar og peikar også ut nokre felles læringspunkt som etter Difi si vurdering bør gjevast særleg merksemd i tilsvarande tverrsektorielle samarbeidsprosjekt.

Erfaringsmaterialet vil også på ulike måtar danne grunnlag for det vidare arbeidet med tverrsektoriell oppgåveløysing i DIFI.

Pressemelding om rapporten: Saman om felles mål?