Informasjonsforvaltning i offentleg sektor

Informasjon er ein av dei viktigaste ressursane i offentleg sektor. Handsaminga av informasjon har verknad både på rettstryggleik, personvern, effektivitet og verdiskaping, og det er viktig at vi forvaltar denne ressursen på ein god måte. Rapporten tek føre seg status i forvaltninga når det gjeld å utnytte informasjon som ressurs, og ser på om tida igjen er inne for ei samla vurdering av korleis vi best kan handsame og nytte informasjonen.

Publisert: 16. aug 2013, Sist endra: 09. jan 2019

Arbeidet med rapporten er første fase i eit større arbeid om informasjonsforvaltning. Målet i denne fasen er for det første å finne ut om det er eit gap mellom korleis informasjonsforvaltninga i offentleg sektor bør vere og korleis ho faktisk er. I rapporten legg vi fram eit forslag til målbilete for god informasjonsforvaltning. For det andre er målet å vurdere om det no er gode grunnar til å sette i gang tiltak frå sentralt hald. Konklusjonen er at det er på tide å prioritere arbeidet med informasjonsforvaltning.

Pressemelding om rapporten: https://www.difi.no/artikkel/2013/10/informasjonsforvaltning-i-offentleg-sektor-difi-rapport-2013-10

Kontakt