Klart reformbehov når det gjeld statleg myndigheitsutøving

Difi har avslutta eit fleirårig prosjekt der vi undersøker korleis statlege forvaltingsvedtak vert trefte, dvs. juridisk bindande vedtak som gjeld einskildpersonar og verksemder. Vi finn at uavhengige organ i aukande grad fattar forvaltningsvedtak, særleg i klagesaker. For å bøte på dei systemsvakheitene prosjektet identifiserer, anbefaler Difi at uavhengige organ no vert betre regulerte og organiserte.

Publisert: 03. jun 2014, Sist endra: 12. des 2017

Dei sentrale, offentleg tilgjengelege dokumenta frå prosjektet er:

  • Difi-rapport 2012:7 Uavhengig eller bare uavklart? Organisering av statlig myndighetsutøvelse
  • Difi-rapport 2014:2 Viltvoksende nemnder? Om organisering av statlige klagenemnder
  • Difi-rapport 2014:4 På armlengdes avstand, men innenfor rekkevidde. Om legitim myndighetsutøvelse
  • Difi-notat 2013:3 Forvaltningsdomstoler i Norge? Kort gjennomgang av begreper og synspunkter

Ei unntaksløysing vert hovudmønster

Det er éin raud tråd som går gjennom heile prosjektet: utfordringar og problem knytt til «uavhengig myndigheitsutøving». Med «uavhengig myndigheitsutøving» meiner vi forvaltningsvedtak der den politiske leiinga har avgrensa moglegheiter til å gripe inn.

I 1977 ga Stortinget uttrykk for at slik uavhengigheit kunne verte godtatt som unntaksløysing i einskildtilfelle. Men Stortinget understreka samtidig at hovudregelen i Grunnlova om instruksjonsmakta til den politiske leiinga skulle bevarast eller skjerpast. Men dei siste tiåra har utviklinga gått i motsett retning. Nærare halvparten av alle organ som treff forvaltningsvedtak, har ei større eller mindre grad av uavhengigheit. Det som skulle vere ei forvaltningspolitisk unntaksløysing, er i ferd med å verte hovudmønsteret.

Utviklinga viser at uavhengige organ har kome for å bli. På mange område er det viktig og nødvendig at det nettopp er slike organ som treff forvaltningsvedtak. Uavhengigheit gir tillit til at avgjersler er trefte med nødvendig omsyn til at dei som tek avgjersla er upartiske og fagkyndige. I Noreg er ikkje problemet førekomsten av uavhengige organ, men måten dei er oppretta og verker på.

Systemsvakheiter kan svekke rettssikkerheita

At organ har fått auka uavhengigheit, er ikkje på nokon systematisk måte kompensert av mekanismar som skal sikre at alt går rett og rimeleg føre seg. Økt uavhengigheit er ikkje balansert av skjerpa krav om ansvar, openheit, forsvarleg saksbehandling og føremålstenleg organisering. Dette betyr at ein stor del av apparatet som produserer forvaltningsvedtak er prega av systemsvakheiter, noko som aukar sannsynet for at det vert treft feil avgjersler. Difi har undersøkt systemet for klagebehandling spesielt. Dette systemet er særleg viktig, fordi vedtak i klagesaker i praksis er endelege, og fordi dei betyr særs mykje for dei det gjeld.
 

Dei forholda Difi beskriv, inneber

  • risiko for at omsynet til rettssikkerheit ikkje er godt nok ivaretatt;
  • lang saksbehandlingstid, risiko for dobbeltbehandling;
  • uklarheit om ansvars- og myndigheitsfordeling, m.a. om rekkjevidda av ansvaret til statsråden overfor Stortinget;
  • lite rasjonell ressursutnytting.

Difi anbefaler ny organisering

Difi foreslår fleire tiltak for å rette på dei svakheitene som vert avdekt. Forslaga går i sum ut på at uavhengige organ vert regulerte og organiserte på meir forsvarlege måtar enn i dag. M.a. bør det verte gitt klarare reglar for organiseringa av og saksbehandlinga i klagenemnder. OECD har anbefalt den norske regjeringa å følgje opp Difis forslag (OECD 2013, Value for Money in Government. Norway 2013).