Kor mange innbyggjarar kan kommunisere med forvaltninga digitalt?

Noreg er ein digitalt moden nasjon. Samtidig viser statistikken at ein relativt stor del av innbyggjarane vil oppleve vanskar når dei skal kommunisere med forvaltninga digitalt. Difi-notat 2014:1 ser nærare på kor mange innbyggjarar dette gjeld.

For å finne ut meir om innbyggjarane sin tilgang til, bruk av og kompetanse på digitale verktøy har Difi sett nærare på undersøkingar som måler nordmenn sin bruk av IKT og deira digitale ferdigheiter.

  • SSB-undersøkinga «IKT-bruk i husholdningene» gjev statistikk på innbyggjarane sin bruk av IKT.
  • OECD undersøkinga PIAAC (Programme for the International Assessment of Adult Competncies) vert nytta for å få meir kunnskap om IKT-ferdigheiter.

Krava til digitale ferdigheiter og kompetanse endrar seg over tid. Undersøkingane over gjev eit godt bilete av no-situasjonen, og ein indikasjon på kor mange innbyggjarar som kan oppleve vanskar når dei skal kommunisere med det offentlege digitalt.

Tal på tilgang og bruk av internett indikerer kva erfaring innbyggjarane har med bruk av digitale tenester. Undersøkingane viser at tilgang til internett ikkje nødvendigvis betyr at  ein brukar internett. Vidare betyr ikkje bruk av internett at ein har den kompetansen som trengst for å kommunisere med det offentlege digitalt. Undersøkingane Difi har sett på, indikerer at fleire innbyggjarar manglar naudsynt kompetanse til å kommunisere med forvaltninga digitalt.

Om lag 370 000 har låg eller ingen erfaring med bruk av internett

Tal frå «IKT-bruk i husholdningene» viser at 135 000 hushald ikkje er kopla til internett. Dette sjølv om «Breibandsundersøkinga 2013» finn at det berre er 2000 husstandar som ikkje kan få tilgang til internett. Vidare viser statistikken at 260 000 innbyggjarar mellom 16 og 74 år skjeldan eller aldri nyttar internett. For å få ein peikepinn på i kva grad dei over 75 år brukar internett legg Difi til grunn at dei over 75 prosentvis vil vera like mykje eller lite på internett som innbyggjarar i aldersgruppa 65–74 år. Når vi estimerer på denne måten, aukar talet innbyggjarar over 16 år som skjeldan eller aldri brukar internett, frå 260 000 til 370 000. Denne gruppa har lita eller inga erfaring med bruk av internett, det gjev grunn til å tru at dei i større eller mindre grad vil få vanskar når dei skal kommunisere med det offentlege digitalt.

Over 900 000 kan ha vanskar med å kommunisere med det offentlege digitalt

Resultat frå PIAAC viser at om lag 600 000 innbyggjarar mellom 16 og 65 år skårar på det lågaste nivået i  testen av problemløysing i teknologirike miljø. Difi tolkar det slik at desse har låge digitale ferdigheiter.

Utvalet i PIAAC-undersøkinga inkluderer ikkje personar over 65 år. Vi legg til grunn at dei over 65 år prosentvis ville ha fått same resultatfordelinga i testen som aldersgruppa 60–64 år. Når vi estimerer på denne måten, aukar talet innbyggjarar over 16 år med låg skår frå 600 000 til 940 000.

Å kommunisere med det offentlege digitalt krev digital kompetanse. I notatet går vi ut frå at dei med låg skår på PIAAC, manglar naudsynt kompetanse til å kommunisere med forvaltninga digitalt. For nokre handlar det om manglande erfaring eller forståing, medan det for andre kan vere manglande motivasjon som gjer møtet med ein digital forvaltning utfordrande.

Ulik grad av digital kompetanse gjer at innbyggjarane har ulike behov for rettleiing og brukarstøtte når dei skal kommunisere digitalt med forvaltninga. Dess fleire offentlege tenester som vert tilbydde på internett, dess viktigare vert det å meistre dei digitale sjølvbeteningsløysingane.  For innbyggjarar med noko digital kompetanse kan det vere nok med litt rettleiing, medan andre vil ha større behov for rettleiing om dei skal kunne betene seg sjølv på internett.

Digitalt aktive innbyggjarar

Sjølv om statistikken tyder på at fleire innbyggjarar i større eller mindre grad kan få vanskar når dei skal kommunisere digitalt med forvaltninga, viser fleire undersøkingar at norske innbyggjarar jamt over er digitalt aktive. Noreg er ein digitalt moden nasjon og vi skårar høgt i internasjonal samanheng.

Tenester som dekkjer eit behov og er enkle å bruke, vinn fram i marknaden. Facebook oppgjev at 2,2 millionar nordmenn nyttar tenesta kvar dag. NRK mobil og VG mobil har 1,5 millionar brukarar kvar i veka.

Nye mogelegheiter med digitalisering

Offentlege digitale tenester er svært ulike og krev ulik grad av digital kompetanse hjå brukarane. T.d. får innbyggjarane som skal ha det, både barnetrygd og frikort utan å måtte gjera noko aktivt,  medan ein på andre tenester må logge inn, skanne vedlegg eller navigere i tenesta.

Digitalisering gjev mogelegheit til å lage enkle, lett tilgjengelege og effektive offentlege tenester. Brukarvennlege løysingar kan gjere offentlege digitale tenester meir forståelege og enklare å bruke. Det vil senke brukarterskelen også for dei med låg digital kompetanse. Gjenkjenning er eit punkt som er med på å auke brukarvennlegheita, i så måte er satsinga på felleskomponentar eit viktig tiltak.  ID-porten er eit døme på ein felleskomponent som bidreg til gjenkjenning og dermed auka tilgjengelegheit. I tillegg trengst gode støttefunksjonar, spesielt i ein overgangsfase når innbyggjarane skal venje seg til nye kommunikasjonskanalar. Det er når dei aller fleste kan betene seg sjølv på nett at dei store vinstane av digitalisering vert realiserte.

Detaljert informasjon om utrekning av tala på innbyggjarar som kan få vanskar med å kommunisere med det offentlege digitalt, finn du i Difi-notat 2014:1.

Publisert: 
25. sep 2014