Evaluering av Fiskeridirektoratet

Vår hovudkonklusjon er at Fiskeridirektoratet vert opplevd som ei fagleg solid verksemd som i all hovudsak leverer gode resultat. Forbetringane vi peiker på handlar dels om tydeleggjering og balansering av direktoratets iverksettande og faglege rollar, og dels om utviklinga av faglege funksjonar.

På bakgrunn av funna i kartlegginga og dei utfordringane direktoratet står overfor i form av m.a. endringar i næringa, teknologisk utvikling og avgrensa budsjettrammer, vil vi trekke fram nokre forbetringsområde for Fiskeridirektoratet:

  • Balansere og tydeleggjere direktoratet sine roller på dei ulike fagområda
  • Utvikle ei tydelegare og meir heilskapleg styring av regionane, m.a. ved å klargjere hovudkontorets direktoratsfunksjon
  • Vidareutvikle tilsynsrolla både på fiskeri- og havbruksområdet
  • Avklare rollar og ansvar mellom departement og direktorat
  • Endre organiseringa, m.a. ved å redusere talet på regionar
  • Legge til rette for ein meir fleksibel og utviklingsorientert organisasjon, m.a. gjennom å utarbeide ein personal- og kompetansestrategi og styrke samarbeidet mellom avdelingane
Publisert: 
02. feb 2015

Om oppdraget

På oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet har Difi evaluert Fiskeridirektoratet. Føremålet med evalueringa har vore å gå gjennom Fiskeridirektoratets organisering, styring, og oppnåing av mål og resultat. Evalueringa skulle også belyse eventuelle utfordringar Fiskeridirektoratet står overfor og kome med anbefalingar til forbetringsområde.

Kontakt