Om Fylkesmannens tilsyn med kommunepliktene – ei kartlegging

Difi har i dette notatet sett nærare på ulike sider ved tilsyn med kommunane som eit ledd i arbeid med å skaffe kunnskap om den statlege styringa av kommunane, jf. Difi-rapport 2015:19 Statlig styring av kommunene.

Publisert: 17. des 2015, Sist endra: 08. des 2017

Målet for kartlegginga er å få oversikt over omfanget av Fylkesmannens tilsyn med kommunepliktene, samt å få kunnskap om korleis tema, omfang og innretning på landsomfattande tilsyn vert bestemt. Kommunane leverer viktige velferdstenester og utøver myndigheit. Oppgåveløysinga er i stor grad regulert gjennom lover og forskrifter. Statleg tilsyn er eit viktig verkemiddel for å sikre etterleving av dette regelverket.

Problemstillingar:

  • Korleis har utvikling i omfang av tilsyn med kommunepliktene vore i perioden 2004 – 2014?
  • Kva metodisk tilnærming vert brukt?
  • Korleis vert omfang, tema og innretning på landsomfattande tilsyn bestemt, og kva aktørar er involverte i planleggingsprosessen?
  • Er tilsyn nyttig for kommunen?

Viktigaste funn i kartlegginga:

  • Inga vesentleg endring i omfang av tilsyn
  • Meir læringsbasert tilsyn
  • Tema for landsomfattande tilsyn treff ikkje alltid like godt
  • Auka medverknad frå KS, brukarorganisasjonar og interessegrupper
  • Statens tilnærming til tilsyn med kommunane er meir einskapleg
  • Tilsyn er nyttig for kommunen

Kontakt