Nytt veg- og jernbanedirektorat? Om direktoratsoppgåver i veg- og jernbaneforvaltninga

Difi har kartlagt og vurdert oppgåvestrukturen og sentrale problemstillingar knytt til ei eventuell samanslåing av Statens vegvesen og det nye Jernbanedirektoratet. Vi anbefaler å vente med ytterlegare organisasjonsendringar, men Samferdsledepartementet bør vurdere eiga organisering og Statens vegvesens ansvar og funksjon regionalt. Etatane bør også samarbeide meir og utvikle fleire fellestenester og –funksjonar mellom anna på planleggings- og anskaffingsområdet.

Publisert: 30. aug 2016, Sist endra: 08. des 2017

Samferdsledepartementet har gitt Difi i oppdrag å kartlegge direktoratsoppgåver innanfor veg- og jernbanesektorane. Kartlegginga skal få fram likskapar og forskjellar i oppgåver og organisering.

Difi har kartlagt og vurdert oppgåvestruktur og sentrale problemstillingar knytt til ei eventuell samanslåing av Statens vegvesen (SVV) og det nye Jernbanedirektoratet. Som grunnlag for å vurdere felles organisering av veg og bane har vi drøfta tre alternative organisasjonsmodellar.

Jernbanereforma gjer forvaltninga av veg og bane meir ulik

Kartlegginga viser at veg- og jernbanesektoren har organisert oppgåvene ganske forskjellig og valt ulike styringsmodellar og forvaltingsnivå. Når jernbanereforma er gjennomført, vert jernbaneforvaltinga og vegforvaltinga meir ulike enn tidlegare.

Difi vurderer samordningsprosessane i arbeidet med Nasjonal transportplan som gode, men ressurskrevjande. Arbeidet krev velvilje og godt samarbeidsklima. Kartlegginga viser at arbeidet med transportplanlegging for byområda er spesielt krevjande.

Veg og jernbane er så ulike at samanslåing kan vere vanskeleg

Dei to sektorane har ulik storleik, geografisk utbreiing, transportfunksjon og kultur. Det vil truleg verte utfordrande ved ei eventuell samanslåing. Derfor er moglegheitene for samordning for gjennomføringsoppgåvene avgrensa. Derimot meiner Difi det er mogleg å oppnå høgare samfunnsøkonomisk lønnsemd gjennom meir heilskapleg planlegging og samordna utvikling av transporttilbodet på veg og jernbane.

Mest å hente på felles planlegging og i storbyregionane

Gevinstane ved betre samordning mellom veg og jernbane er størst på overordna, strategisk nivå og i storbyregionane. Det kan også vere synergiar å hente ved å gjennomføre felles investeringsprosjekt og ved å etablere og utvikle felles funksjonar. Det er viktig å legge betre til rette for utvikling og analyse, strategisk planlegging og prosjektgjennomføring på tvers av sektorane.

Det er ei ulempe at den vedtatte omorganiseringa av jernbanesektoren enno ikkje er gjennomført fullt ut. Viss «jernbanemodellen» skal danne mal for framtidig organisering på vegområdet, noko som betyr at størstedelen av gjennomføringsoppgåvene for veg vert organiserte som føretak, vil det føre til endringar både for fylkeskommunane og sams vegadministrasjon.

Samferdsledepartementet bør vurdere si organisering

I dette oppdraget har vi ikkje vurdert korleis samordninga fungerer internt i Samferdsledepartementet. Vår vurdering er likevel at det er vanskeleg å få til gode tverrsektorielle prosessar så lenge dei organisatoriske skilja mellom transportsektorane går heilt til toppen av departementet. Derfor anbefaler vi at departementet også vurderer eiga organisering.

Oppsummert anbefaler vi følgande:

  • Før ytterlegare organisasjonsendringar vert gjort, bør erfaringane med korleis dei nye verksemdene Nye Veier AS, Jernbaneforetaket og Jernbanedirektoratet fungerer vurderast.
  • Samferdsledepartementet bør vurdere si organisering for å sjå tiltak på tvers av transportsektorar meir i samanheng.
  • Ansvar og funksjon regionalt i Statens vegvesen bør vurderast. Det er viktig å sjå ordninga med sams vegadministrasjon i lys av kva som skjer med fylkeskommunen framover. Større fylkeskommunar bør sjølv bere det økonomiske ansvaret for planlegging av fylkesvegane.
  • Etatane bør samarbeide meir og utvikle fleire fellestenester og -funksjonar mellom anna på planleggings- og anskaffingsområdet.

Spørsmålet om eit «transportdirektorat» bør vurderast på nytt når jernbanesektoren har hausta erfaringar med ny organisering og eit eventuelt nytt regionalt forvaltningskart er på plass.       

Kontakt