Statens tilsyn med kommunen. Organisering, omfang, nytte og forbetringsmoglegheiter

Difi har gjennomført ei undersøking for å skaffe meir kunnskap om korleis det statlege tilsynet med kommunepliktene fungerer i dag, for eventuelt å kunne avdekke og føreslå moglege forbetringstiltak. Undersøkinga viser at fylkesmannsembeta og kommunane stort sett opplever at tilsyn er nyttige og bidrar til læring og betre kommunale tenester.

Last ned

Samanlikna med tidlegare undersøkingar viser denne undersøkinga at kommunane er meir positive til statleg tilsyn no enn før. Statleg tilsyn inneber etter Difis vurdering heller inga urimeleg belasting på kommunane i form av tidsbruk. Samtidig er det nokre sider ved samordninga av tilsyn som kan verte betre, og det er rom for betre tilpassing av ulike verkemiddel ut frå Fylkesmannen sitt kjennskap til lokale forhold.

Undersøkinga dekker mellom anna følgande problemstillingar:

Kva var omfanget av tilsyn med kommunepliktene i 2015?

Korleis vert samordninga av statlege tilsyn opplevd?

Korleis opplever kommunane og fylkesmannsembeta nytta av tilsyn?

Våre hovudfunn og anbefalingar:

  • Undersøkinga viser at tilsyn vert opplevd som nyttig både av tilsynsmyndigheitene og kommunane. Aktørane meiner tilsyn bidrar til læring og til betre kommunale tenester.
  • Kartlegginga viser at kommunane sin tidsbruk knytt til statleg tilsyn er avgrensa. Etter vår vurdering utgjer den ikkje ei urimeleg belastning for kommunane. Fylkesmannsembeta sin ressursbruk på tilsyn varierer ut frå faktorar som tal på kommunar og folketal i fylket og det er lite føremålstenleg med ein lik fordelingsnøkkel for alle fylkesmannsembeta. Vi meiner likevel at det er grunnlag for erfaringsutveksling og læring på tvers av embeta og mellom embeta og nasjonale tilsynsmyndigheiter om kva som er eit rimeleg nivå på tidsbruk på tilsyn.
  • Sjølv om tilsyn vert opplevd som nyttig, viser undersøkinga også at rettleiing vert opplevd som like nyttig som tilsyn for å sikre at reglar vert etterlevde. Derfor bør læringsaktivitetar i samband med tilsyn styrkast og det bør verte gitt rom for at Fylkesmannen i større grad kan tilpasse bruken av ulike verkemiddel ut frå behova i kommunane.
  • Respondentane frå Fylkesmannen og kommunane meiner det samla omfanget av tilsyn med kommunane er på eit føremålstenleg nivå. Landsomfattande tilsyn bidrar til å sikre einskaplege tilsyn i heile landet. Difi meiner det er viktig at dei nasjonale tilsynsmyndigheitene held fram med å identifisere og velje ut dei mest relevante temaa for slike tilsyn.
  • Fylkesmannen har eit særskilt ansvar for samordning av tilsyn mot kommunane. I dag skjer den m.a. ved at det vert laga ein felles tilsynskalender. Fylkesmannens ulike tilsyn verker å vere godt samordna, men undersøkinga viser at samordninga med dei andre regionale tilsynsaktørane kan verte betre. Samordninga av dei planlagde tilsyna i tid kan altså verte betre.
  • Fylkesmannsembeta etterlyser i nokon grad at dei nasjonale tilsynsmyndigheitene i større grad samordnar tilsynsmetodikk og omgrepsbruk. Etter vår vurdering er det ønskeleg at dei nasjonale tilsynsmyndigheitene vert einige om omgrepsbruk og at dei jamleg har erfaringsutveksling og diskusjon om metodar for tilsyn. 
  • Samordninga med kommunens eigenkontroll verker å vere svak. Samtidig vil vi presisere at kommunal eigenkontroll ikkje kan erstatte den eksterne kontrollen tilsyn representerer. Vi meiner likevel Fylkesmannen i større grad bør nytte resultat frå kommunane sin eigenkontroll i si vurdering av behovet for tilsyn.
  • Det er vanskeleg å få tilgang til sektorovergripande, samla informasjon om talet på statlege tilsyn med kommunane. Kommunal- og moderniseringsdepartementet bør i samråd med dei andre departementa vurdere om det er behov for ei slik samla oversikt. Viss behovet er til stades er det etter vår vurdering viktig å unngå nye rapporteringskrav og heller sjå på moglegheitene for å vidareutvikle tilsynskalendrane som Fylkesmannen nyttar.

Om undersøkinga

Difi har gjennomført denne undersøkinga på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For å svare på problemstillingane nemnt over har vi brukt følgande data:

  • to spørjeundersøkingar til fylkesmannsembeta og alle kommunane i Hedmark og Møre og Romsdal
  • semistrukturerte intervju hos nasjonale tilsynsmyndigheiter
  • dokumentstudium av sentrale styringsdokument til embeta og verksemdene
  • ein casestudie av eit tilsyn
  • ei informasjonsinnhenting blant alle Fylkesmennene og kommunane i Hedmark og Møre og Romsdal
Publisert: 
24. nov 2016

Kontakt