Tilgjengelege automatar. Status for universell utforming av sjølvbeteningsautomatar – 2015

Difi sitt tilsyn for universell utforming av IKT har gjennomført ei statusmåling av eit utval automatar. Føremålet med kartlegginga var å undersøke om grunnleggande krav for å kome seg til og betene automaten er oppfylte, og å kartlegge kva barrierar brukarane møter når dei skal bruke ein sjølvbeteningsautomat. Vår kartlegging viser at sjølvbeteningsautomatar ikkje er tilgjengelege for alle.

Publisert: 08. nov 2016, Sist endra: 21. aug 2018

Krava til universell utforming omfattar, i tillegg til utforming av sjølve automaten, krav til tilkomst og området der automaten er plassert. Krava skal sikre at alle har likeverdige moglegheiter til å kome fram til og bruke automatar, som også er føremålet med regelverket om universell utforming av IKT.

Difi-notatet Tilgjengelige automater. Status for universell utforming av selvbetjeningsautomater – 2015 viser resultata frå statusmålinga Difi gjennomførte hausten 2015. I denne statusmålinga vart 39 sjølvbeteningsautomatar hos 36 verksemder på Oslo City og Oslo sentralbanestasjon undersøkte. Undersøkinga er den første av sitt slag i Noreg.

Sjølvbeteningsautomatane er ikkje tilgjengelege nok

Statusmålinga viser at sjølvbeteningsautomatane ikkje er tilgjengelege nok. Om lag halvparten av alle sjølvbeteningsautomatar er i strid med krava til universell utforming, og spesielt tilgangen til automatane er for dårleg. Over ein tredjedel av automatane bryt krava om beteningsområde og tilkomst.

Vi har undersøkt utvalde krav knytte til bruk av sjølvbeteningsautomatane, som tilsynet meiner er viktig for likeverdig samfunnsdeltaking. Følgande tema er undersøkt:

  • Tilkomst og beteningsområdet rundt automaten
  • Krav til beteningshøgd
  • Vinkel på skjerm og tastatur
  • Utforming av tastatur

Tilkomst og beteningsområdet er for dårleg

Omtrent halvparten av automatane bryt kravet i forskrifta om tilkomst fram til automaten, og éin av tre automatar bryt krava knytte til beteningsområdet rundt automaten. Dette er krav som er viktige for å sikre likeverdig samfunnsdeltaking, slik at alle har moglegheit til å kome fram til og bruke automaten. Ofte er utplasserte varehyller årsaka til at tilkomsten og beteningsområdet framfor automaten er for dårleg. Dette er avvik som det er enkelt og tilnærma kostnadsfritt å endre, slik at tilkomsten vert god.

Vinkel på skjerm og tastatur er ikkje god nok

Over halvparten av sjølvbeteningsautomatane bryt kravet i forskrifta om korrekt vinkel på skjermen og korrekt vinkel på taltastatur. Automatar som kan justerast har betre etterleving av regelverket enn fastmonterte automatar. Eit godt tips kan derfor vere å montere automaten på eit justerbart stativ eller i ein justerbar brakett.

Utforming av tastatur er bra

Statusmålinga viser at tastatur i stor grad er i samsvar med krava i forskrifta. Det er berre eldre sjølvbeteningsautomatar som avviker frå krava, der plassering av kommandotastar og utforming av taktile, altså følbare, merke ikkje var i samsvar med forskrifta.
Produsentar av maskinvare leverer i stor grad sjølvbeteningsautomatar ferdig med taltastatur. Denne statusmålinga viser at utforming av taltastatur i stor grad er standardisert og at dei fleste sjølvbeteningsautomatane vert leverte med eit taltastatur som tilfredsstiller krava i forskrifta.

Om tilsynet

Tilsyn for universell utforming av IKT ligg under Difi og fører tilsyn etter forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Rettleiing om korleis du kan følge krava finn du på nettsidene til tilsynet.


 

Kontakt