Departement si styring av samarbeidsoppgåver som vert gitt til underliggande verksemder

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har utarbeidd eit rettleiingsnotat om departement si styring av samarbeidsoppgåver som vert gitt til underliggande verksemder. Rettleiingsnotatet dannar eit kunnskapsgrunnlag for læring og forbetring av god praksis for styring av samarbeidsoppgåver.

Publisert: 19. jan 2017, Sist endra: 07. feb 2018

DFØ og Difi har utarbeidd seks råd til departementa om korleis slik styring best kan gjennomførast. Råda er baserte på erfaringar frå toppleiarar, mellomleiarar og medarbeidarar i departement og verksemder som har vore involverte i konkrete tidsavgrensa samarbeidsoppgåver som ein strategi eller handlingsplan.

Seks råd om god styring av samarbeidsoppgåver:

  1. Vert einige om felles verdiar og prinsipp for samarbeidet: Tillit, pragmatisme, openheit
  2. Få ei felles forståing av problem, interesser og moglegheiter
  3. Få ei felles forståing av omfanget av, og ambisjonsnivået for samarbeidet
  4. Etabler forankring på politisk og administrativt nivå som gir eigarskap over tid
  5. Gi verksemdene fridom med omsyn til korleis dei løyser oppgåvene
  6. Bruk som hovudregel dei ordinære og etablerte styringsstrukturane, og sørg for gode samordnings- og samarbeidsstrukturar på tvers

Om oppdraget

Oppdraget er gitt av Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og er forankret i regjeringens Program for bedre styring og ledelse i staten. Arbeidet har vært organisert som et felles prosjekt mellom DFØ og Difi. De to direktoratene står ansvarlig for innholdet.
 

Kontakt