Jus + ped = sant - Ei erfaringsoppsummering og vurdering av prosjektet "Regelverk i praksis"

Målet med prosjekt «Regelverk i praksis» var å styrke statens formidling av regelverket for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Rapporten viser at formidling no, i større grad enn før, tar utgangspunkt i dei utfordringane skulen har med å følgje regelverket. Prosjektet strekte seg over fleire år og målgruppa var tilsette i fylkesmannsembeta og Utdanningsdirektoratet.

Last ned

Over tusen personar deltok. Av desse var ein tredel kommunale skulefolk som bidrog med innspel og lokale praksispresentasjonar for å gi dei nasjonalt tilsette kunnskap om den lokale skulekvardagen.

Prosjektet la stor vekt på å følge opp forvaltningspolitiske styringssignal som brukarretting og samordning, både fagleg og organisatorisk. I tillegg fann Difi indikasjonar på at gjennomføringsevna, i kraft av betre etterleving av regelverket, kan ha vorte styrkt. Dette vil likevel avhenge av at leiingane i fylkesmannsembete og direktorat følger opp resultata og forankrar og vidarefører lærdommen frå prosjektet i sine respektive verksemder.
 

Publisert: 
01. jun 2017

Kontakt