Evaluering av organiseringa av kriminalomsorga

Difi har på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet (JD) evaluert organiseringa av kriminalomsorga. Evalueringa viser at kriminalomsorga har god måloppnåing, men at ulik praksis mellom regionane skaper hindringar for å få til ein meir heilskapleg og einskapleg kriminalomsorg.

Publisert: 12. okt 2017, Sist endra: 12. des 2017

Det er forskjellar mellom regionane i korleis dei løyser sine oppgåver, og dette er med på å skape ulikheiter mellom anna når det gjeld likebehandling og rettssikkerheit. På lokalt nivå er Difis hovudinntrykk at dei små einingane (fengsel og friomsorgskontor) er avhengige av støtte og rettleiing frå regionalt nivå i utføringa av oppgåvene, medan dei store einingane i hovudsak opplever regionane som eit unødig mellomledd.

Både JD og Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI) meiner at ny organisasjonsstruktur er nødvendig for å løyse utfordringane. Tilsette og leiarar på regionalt og lokalt nivå meiner derimot i hovudsak at fleire av svakheitene kan løysast innanfor dagens organisering.

Etter Difis vurdering er det nødvendig å styrke KDIs faglege rolle og gjere etatsleiarolla meir tydeleg, for å løyse nokre av hovudutfordringane kriminalomsorga står overfor. Det vil også vere behov for å endre dagens organisering og oppgåvefordeling mellom nivåa for å understøtte nødvendige grep.

Difis anbefalingar:

  • Difi meiner at dagens organisering bør endrast. Ein to-nivåmodell vil vere med på å gjere etatsleiinga tydelegare og meir einskapleg og bidra til å sikre rettslikskap og likebehandling i kriminalomsorga.
  • Direktoratsrolla bør tydeleggjerast og styrkast. Det inneber mellom anna at KDI må ta ei sterkare fagleg rolle enn i dag – både ut mot etaten og ved å kome med faglege innspel til JD som grunnlag for politikkutvikling.
  • Spørsmåla om organisering og lokalisering må ikkje blandast saman. Funksjonar kan vere organisatorisk samla, men utøvast på ulike geografiske stader (lokasjonar). Dette gjeld på alle nivå uavhengig av struktur.
  • Det lokale nivået må styrkast gjennom fleire samanslåingar. Det vil gi sterkare fagmiljø som kan utføre oppgåver på ein sjølvstendig måte.
  • Dagens skilje mellom fengsel og friomsorgskontor bør byggast ned.
  • Det må etablerast system og rutinar som sikrar god informasjonsflyt internt i kriminalomsorga og med samarbeidspartnarar for å få til gode løysingar for den innsette. Dette for å mellom anna sikre god samhandling mellom friomsorgskontor og fengsel og mellom kriminalomsorga og samarbeidspartnarar.
  • Ved omorganisering er det viktig at både kvalitative og kvantitative gevinstar vert identifiserte og følgde opp på ein føremålstenleg måte.

Kontakt