Digitale barrierar på norske nettstader 2018

Tilsyn for universell utforming av ikt i Difi har målt status for universell utforming av 278 nettstader i privat og offentleg sektor. Målinga viser at mange nettaviser og nettbutikkar er lite tilgjengelege og at det er vanskeleg å bestille reiser og overnatting på nett.

Publisert: 01. apr 2019, Sist endra: 03. apr 2019

Konsekvensen av å bli utestengt frå dei digitale arenaene i samfunnet er stor for den enkelte. Universell utforming skal bidra til at flest mogleg kan delta på digitale arenaer. 

Formålet med målinga er å avdekke digitale barrierar. Målinga famar om nettstader som har store brukarvolum på samfunnsområde som er viktige for likeverdig samfunnsdeltaking. Tilsynet brukar resultata frå målinga til å peike ut verksemder og nettstader som er aktuelle for kontroll (tilsyn).

Risikoområde

Statusmålinga har vist at

  • det ikkje er likeverdig sjølvbetjening på nett
  • fleire innhaldstypar er lite tilgjengelege
  • det er utfordrande å navigere på mange nettstader
  • digitale skjema er vanskelege å bruke
  • ikkje-tekstleg innhald som video og bilde, er lite tilgjengeleg

Funna i målinga kan indikere at

  • offentlege nettstader er meir tilgjengelege enn nettstader i privat sektor
  • mange medienettstader og nettbutikkar er lite tilgjengelege
  • det er vanskeleg å bestille reiser og overnatting

Du kan laste ned rapporten i PDF lenger ned på sida, eller sjå tilsynet sine nettsider for oppsummering av statusmålinga 2018 og resultat per verksemt (uu.difi.no).

uu.difi.no finn du også informasjon og rettleiing om korleis du kan følge krava.

Kontakt