Rapporter

Noregs nasjonale ekspertar i Kommisjonen - Ein ressurs for Noreg, eller berre for EU?

Evalueringa har hatt som mål å skildre ordninga med nasjonale ekspertar i Kommisjonen. Dette inneber norsk deltaking og utviklinga over tid. Vidare har evalueringa sett på korleis dei rettleiande retningslinjene frå 2008 er følgde opp. Det blir gjort ein analyse av på kva måte nasjonale ekspertar fungerer som eit verkemiddel i norsk europapolitikk og kva faktorar som påverkar ordninga.