Kunnskap om digitale brukarar

Når offentlege tenester blir digitaliserte er det avgjerande at brukarane opplever tenestene som forståelege og lette å bruke. For å oppnå dette må vi ha kunnskap om dei som skal bruke tenestene.

Brukarinnsikt får ein ved å finne svar på spørsmål som: Kven er brukarane av tenestene? Kva er behova deira? Kor god er den digitale kompetansen deira? Kva digitale verktøy og tenester brukar de ifrå før av?

Ein vesentleg del av digital tenesteutvikling er å få ei inngåande forståing for dei reelle behova til brukarane og målgruppa. Alle som jobbar med tenesteutvikling bør stille seg spørsmålet: Kven skal denne løysinga vere til for, og kva er målgruppa sine behov, kompetanse og forventingar? Då er brukarstudiar viktige.

Difi gjer eigne brukarstudiar for å innhente kunnskap om brukarane sine ønske, behov og hinder for digital deltaking. Innsikten brukar vi m.a. når vi utviklar digitale tenester som Digital post og elektronisk ID.

Sist endret: 
28. apr 2016

Deldette

Difis rapporter og undersøkelser om digitale brukere

De eldre er klare for å bli digitale

8. desember lanserer Difi og Deltasenteret i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet to rapporter om eldre og deres digitale deltakelse. Majoriteten av eldre innbyggere i Norge har tilgang til internett, men mange vil gjerne lære mer.

Ikkje alle er like digitale (Difi-notat 2014:1)

Noreg er ein digitalt moden nasjon. Samtidig viser statistikken at ein relativt stor del av innbyggjarane vil oppleve vanskar når dei skal kommunisere med forvaltninga digitalt. Difi-notat 2014:1 ser nærare på kor mange innbyggjarar dette gjeld.

Kontakt

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*