På sporet av kjønnsperspektivet - Difi-rapport 2009:1
Kjønnsperspektivet har fått ein meir framtredande plass i budsjettarbeidet i norske departement. Dette kjem fram i ein ny rapport frå Difi. Difi har på oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet gjennomført ei treårig følgjeevaluering av korleis departementa føl eit krav om å innarbeide eit kjønns- og likestillingsperspektiv i budsjettproposisjonane.
Meir synleg kjønnspersperspektiv
Rapporten konkluderer med at kjønnsperspektivet er vorte meir synleg for departementa sett under eitt. Dette kjem blant anna til uttrykk ved at likestillingspolitiske mål og tiltak får ein meir sentral plass i omtalen. Det er òg vorte vanlegare med ein samla omtale om kva fagområde kjønnsperspektivet er relevant for og kva departementet ønskjer å gjere med dette.
Store variasjonar mellom departementa
Det er likevel store variasjonar mellom departementa på dette området. Kjønnsperspektivet har ulik relevans for ulike fagområde, og vi har eksempel på departement som har problem med å definere kjønnsrelevante problemstillingar, sjølv etter seriøse forsøk.
Eit vidare mangfaldsbegrep
Likestilling mellom kjønna har i evalueringsperioden fått konkurranse frå eit vidare mangfaldsomgrep. Det har gjeve auka fokus på blant anna likestilling mellom funksjonshemma og funksjonsfriske og mellom etnisk norske og etniske minoritetar. Alt i alt gjev dette grunn til å reise spørsmål om vi har nådd eit realistisk nivå med omsyn til å integrere kjønnsperspektivet i budsjettarbeidet til departementa.
Framleis fokus på likestilling
Sjølv om rapporten konkluderer med at det er grunn til å vere relativt godt nøgd med det som blir gjort for å integrere kjønnsperspektivet i planarbeidet til departementa, blir det understreka at Barne- og likestillingsdepartementet framleis er ein viktig aktør i dette arbeidet. Departementet har vore ein viktig rådgjevar og pådrivar, og har medverka til å skjerpe merksemda om kjønns- og likestillingsperspektivet.