Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dokumenter


Kontakt


Nasjonale IT-byggeklossar for det offentlege – Difi-rapport 2010:17

Difi anbefalar at tre register, Altinn og ein felles infrastruktur for elektronisk ID i det offentlege får status som nasjonale IT-felleskomponentar.

– Desse felleskomponentane eller ”byggeklossane” på IT-området er det særs viktig at det offentlege samordnar seg om å utvikle og forvalte godt og riktig. Det kan gje oss betre kvalitet, lågare IT-kostnader og ei meir effektiv offentleg forvaltning, seier Hans Christian Holte, direktør i Difi.

Fem nasjonale felleskomponentar

Felleskomponentar er delar av felles IT-løysingar som kan brukast oppatt i fleire andre IT-løysingar i offentlig sektor. Dei er med andre ord felles ”byggeklossar” for at offentlege verksemder skal kunne utvikle elektroniske tenester for innbyggjarane og næringslivet. Dei som det er størst behov for og som er mest sentrale for å oppnå dei politiske målsetjingane om brukarretting og ei effektiv forvalting, får status som nasjonale felleskomponentar.

Difi anbefalar i ein ny rapport at dei nasjonale felleskomponentane blir:

  • Einingsregisteret (grunndata om verksemder)
  • Folkeregisteret (grunndata om personar)
  • Matrikkelen (grunndata om eigedomar)
  • Altinn (-komponentane)
  • Felles infrastruktur for elektronisk ID i offentleg sektor 

Felleskomponentar i praksis

Skatteetaten sin teneste for innsending av sjølvmeldinga er eit godt døme på korleis offentlege verksemder kan nyttiggjere seg felleskomponentar. Kommunikasjonen med innbyggjarane gjerast ved hjelp av Altinn og felles infrastruktur for elektronisk ID (MinID), medan sjølve berekninga av skatteoppgjeret vert gjort i Skatteetaten sine interne system.

– Det at mange offentlege verksemder kan bruke dei nasjonale felleskomponentane, sparer allereie staten og kommunane for mange millionar kroner kvart einaste år, og potensialet for å spare enda meir er stort, seier direktør Hans Christian Holte i Difi, og syner også til Altinn-prosjektet sine ferske berekningar av økonomiske gevinstar.

Fem nasjonale felleskomponentar – ein utviklingsportefølje

Sjølv om desse felleskomponentane i dag tilbyr mange løysingar som er nyttige for offentlege verksemder, så viser rapporten om nasjonale felleskomponentar at dei må utviklast vidare for å gjere offentleg sektor enda meir effektiv og brukarretta. Rapporten skildrar fleire funksjonar som det er behov for. Når desse skal utviklast, så bør alle dei ulike behova for vidareutvikling av dei nasjonale felleskomponentane vurderast i samanheng. Dei forslaga som har størst gevinstpotensiale, vert prioritert høgst i samarbeid mellom dei som har ansvaret for å forvalte felleskomponentane.

– Når dei nasjonale IT-felleskomponentane skal forvaltast og vidareutviklast, må ein ta omsyn til behova hos offentleg sektor i stort, og sørgje for at dei vert samordna på fleire nivå, seier Hans Christian Holte, direktør i Difi.

Samordning på fleire nivå

Det er ikkje nok at dei verksemdene som har ansvaret for å forvalte felleskomponentane (Skattedirektoratet, Statens kartverk, Brønnøysundregistrene og Difi) samordnar seg, det er avgjerande både for finansieringa og uttak av vinstar at departementa som styrer desse verksemdene også samordnar seg. Særleg gjeld dette strategiske spørsmål om korleis komponentane kan utviklast vidare for å sikre betre effekt på dei sentrale politiske måla.

– Sjølv om vi som har ansvaret for å forvalte IT-felleskomponentar er politisk styrt gjennom ulike departement, så er det fullt mogleg for oss å samarbeide og verte einige om kva som skal prioriterast, både på departements- og verksemdsnivå, seier Holte, som også har ansvaret for felles infrastruktur for elektronisk ID i offentleg sektor.  

Rapporten er utarbeida på oppdrag frå Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Den er no til vidare handsaming i departementet.

(18.01.2011)
Share Del med andre