Hopp til innhold Hopp til navigasjon
RSS Utskrift A+ A a Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Korleis ta i bruk ID-porten?

idporten Innlogging med ID-porten/MinID

For at di verksemd skal kunne ta i bruk ID- porten må verksemda di i samråd med Difi gå gjennom fire steg. Dette er ein rask, enkel og ukomplisert prosess som alle nye tenester må gå i gjennom for å integrere ID – porten som påloggingsløysing. Tilknyting skjer på grunnlag av Samarbeidsavtalen. Ei verksemd som har signert denne avtalen blir omtala som tenesteeigar.

1. Planlegging og signering

Det første steget vil vere at Samarbeidsavtalen blir signert av verksemda di og Difi. For å kome vidare i prosessen er det eit krav at verksemda har signert denne avtalen. Samarbeidsavtalen regulerar forholdet mellom Difi og dei tenesteeigarane som nyttar ID- porten til elektronisk identitets handtering.

I samband med at ein inngår ein samarbeidsavtale vil Difi og tenesteeigar planlegge ein gjennomføring av tenesteeigar sin integrasjon mot ID-porten. Ved signering får tenesteeigar tilgang til nødvendig dokumentasjon gjennom samarbeidsportalen.

 

2. Gjennomføring

Tenesteeigar skal følje krava som er fastsette av Difi for integrasjon mot ID- porten. Definisjon av krav er tilgjengeleg på samarbeidsportalen. Difi gjev tilgang til ein oppdaterte retningslinjer for integrasjon saman med eit testverifikasjonsskjema på samarbeidsportalen.

 

3. Test

Tenesteeigar skal gjennomføre ein test av integrasjon i samsvar med avtalt plan og generelle krav som Difi stiller mot ID-porten. Tenesteeigar eller leverandørar av denne må ha eit testmiljø som kan knytast opp mot ID-porten sitt verifikasjonsmiljø.

Tenesteeigarar må skaffe testbrukarar som blir nytta til testing mellom leverandørane av e-id, ID-porten og tenesteeigarane sine teneste. Det er eit krav at det blir nytta fiktive testbrukarar. Tenesteeigarane skal legge fram dokumentasjon på korleis integrasjonen er testa og fylle ut eit verifikasjonsskjema for utført test. Dokumentasjon på integrasjon må leggjast fram minimum ein månad før tenestene blir sett i produksjon. Difi skal gi ein tilbakemelding på at dokumentasjonen er tilstrekkeleg for å godkjenne at integrasjonen er forsvarleg seinast to veker etter at dokumentasjonen er motteken. Difi skal godkjenne dei testane som er gjennomførte, før tenestene blir sett i produksjon.

 

4. Produksjonssetting.

Når Difi har godkjent at tenesteeigar har fullført testinga i samsvar med retningslinjene, skal Difi og tenesteeigar bestemme ein dato for integrering til ID- porten.

Tenesteeigar må stadfeste at tenesta fungerer tilstrekkeleg i produksjonen.

 

Ved spørsmål om tilknyting til ID porten, ta kontakt med oss på e-post idporten@difi.no

 

*Ei verksemd som nyttar ID-porten for å logge inn til sine tenester på nett blir kalla ein tenesteeigar. Dette er ei offentleg verksemd som tilbyr elektroniske tenester og som har inngått ein samarbeidsavtale med Difi om å knyte seg til ID-porten.

(20.11.2011)
Share Del med andre