Årets offentlege nettstader er kåra - 2011
Økokrim fekk prisen for årets statlege nettstad, medan Porsgrunn kommune fekk prisen for årets kommunale nettstad. Prisen for beste tilgjengelege nettstad gjekk til Statens Pensjonskasse.
– Dei beste er flinke til å gjere endringar før kvalitetsvurderinga blir gjort, men mange gjer endringar først etter at dei har fått rapporten Det er veldig positivt at dei fleste aktivt brukar rapporten, men fleire burde gjere nettsidane betre gjennom heile året, seier direktør Hans Christian Holte i Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).
Samler stjerner
Difi vurderer kvart år kvaliteten på offentlege nettstader. Vurderinga baserer seg på eit kriteriesett innan tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald, og nettstadane får tildelt frå 1 til 6 stjerner som viser resultatet frå vurderinga.
Årets resultat viser at stjernefordelinga held seg forholdsvis stabil samanlikna med 2010. Det er berre i det midtre sjiktet det er ei forskyving ned frå fire til tre stjerner. Resultata frå årets vurdering viser mykje av det same som i fjor.
Nettstadene vart kåra i dag av Difi under den årlege konferansen Kvalitet på nett. Tildelingane er ein del av Difi sitt arbeid for å gjere kvalitet og brukarretting betre på offentlege nettstader.
Meir enn målingar
Ein fagjury står bak kåringa. Prisane er tufta på Difi sine kriterium for kvaliteten på offentlege nettstader, men fagjuryen ser også på sider ved nettstadene som ikkje så lett lar seg måle.
– Med kåringa vonar Difi å lyfte fram dei gode døma på offentlege nettstader og med dette vise veg for andre offentlege nettstader, seier direktør Hans Christian Holte.
Les meir om kva juryen sa om vinnarane
Du finn informasjon om revidert kriteriesett, kvalitesvuderinga og kvalitetskonferansen for 2011 på Kvalitet.difi.no