Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Undermeny

Offentleg elektronisk postjournal (OEP)

Offentlig elektronisk postjournal (OEP) vil gje alle innbyggjarar muligheit til innsyn i brev og dokument frå det offentlege.

OEP blir ei nettside for søk i offentlege postjournalar, og kan brukast av alle. Dokument skal kunne bestillast direkte frå nettsida.

Alle departement og ei rekkje direktorat, tilsyn og fylkesmannsembeta skal delta i OEP. Difi skal ha forvaltningsansvaret for tenesta etter at ho er lansert.

Les meir om OEP på på FAD sine nettsider

(20.11.2009)

Offentleg elektronisk postjournal forsinka

Logo OEP
Offentleg elektronisk postjournal (OEP) var planlagt lansert tidleg i 2010. Ein føresetnad for at tenesta kan lanserast, er at verksemdene sine saks- og arkivsystem kan publisere data til OEP. To av dei store arkivleverandørane har framleis store problem med tilpassingane som må gjerast. OEP kan ikkje lanserast før dette er på plass.
(24.02.2010)