Hopp til innhold Hopp til navigasjon

Om Difi

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) skal bidra til å utvikle og fornye offentleg sektor, styrke samordning og tilby fellesløysingar. Målet vårt er at offentleg sektor skal ta i bruk Difi sine kunnskapar, verkemiddel og verktøy, noko vi berre kan oppnå i samhandling og dialog med andre. Godt samarbeid med resten av forvaltninga er den viktigaste føresetnaden for at vi skal lukkast. Difi har eit spesielt ansvar for fornying og utvikling av offentleg sektor på områda IKT, anskaffingar, kommunikasjon, organisering, verkemiddelbruk og opplæring.

Fagområda våre:

Organisering og verkemiddelbruk i forvaltninga

Difi skal vere det sentrale kompetansemiljøet for kartlegging, analyse og evaluering av organisatorisk, økonomisk, juridisk og pedagogisk verkemiddelbruk i offentleg sektor.

Innsatsområde:  Organisering og verkemiddelbruk i forvaltninga, kvalitet og brukarorientering, konsekvensar av internasjonalisering av forvaltninga, deriblant konsekvensar av EU/EØS-avtalen og oppfølging av den statlege kommunikasjonspolitikken.

Utvikling av leiarar og medarbeidarar i staten

Difi er statens sentrale fagmiljø for utvikling av dei menneskelege ressursane i forvaltninga. Vår ambisjon er å få til eit felles løft innanfor leiarskap og medarbeidarskap på alle nivå, og å oppnå ein kompetent, mangfaldig og inkluderande statsforvaltning.

Innsatsområde: Leiing og medarbeidarskap, strategisk kompetanseutvikling og nye arbeidsformer, og opplæring.

IKT-utvikling i offentleg sektor

For å gjere offentleg tenesteproduksjon meir heilskapleg, brukarretta og effektiv, må vi få til meir og betre elektronisk samhandling mellom offentlege verksemder. Difi skal bidra til at IKT-utviklinga blir meir standardisert og koordinert, og basert på gjenbruk og fellesløysingar.

Innsatsområde: Styring og samordning gjennom felles IKT-arkitektur og standardisering av IKT-utvikling i offentleg elektronisk forvaltning.

Kommunikasjon

Difi skal bidra til openheit og innsyn i forvaltninga og gjere det enklare for innbyggjarane å få tilgang til offentleg informasjon. Vi skal vere pådrivarar for eit enklare og meir forståeleg språk i statens kommunikasjon med innbyggjarane.

Innsatsområde: Innbyggjarportal og svarteneste, klart språk i staten, offentleg elektronisk postjournal, og Los – felles terminologi for offentlege tenester.

Offentlege anskaffingar

Difi er ein pådrivar for at offentlege verksemder følgjer regelverket for anskaffingar. Vi skal bidra til at offentlege verksemder gjer innkjøpa sine på ein realistisk, ressurseffektiv og samfunnstenleg måte, og at miljøbelastninga blir minimalisert.  

Innsatsområd: Leiarforankring og organisering av anskaffingsarbeidet, betre innkjøparar i offentlege verksemder og betre prosessar og støtteverktøy i anskaffingsprosessen.

Difi vart oppretta 1. januar 2008 og er underlagt Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Difi har kontor både i Oslo og Leikanger. Vi er ca 210 tilsette.

(07.07.2010)