Kvalitet på nett – suksess med behov for fornying (Difi-rapport 2013:4)

Difi har evaluert korleis Kvalitet på nett – vår årlege vurdering av kvaliteten på nærare 700 offentlege nettstader – fungerer. Hovudkonklusjonane er at Kvalitet på nett har vore med på å gjere offentlege nettstader betre, men at vi framover bør leggje meir vekt på innhaldet på nettstadene.

Last ned

– Vi er svært nøgde med at tre av fire nettredaktørar i vår spørjeundersøking var einige i at den årlege Kvalitet på nett-vurderinga har stor innverknad på kvaliteten på offentlege nettstader, seier Hans Christian Holte, direktør i Difi.

Utviklinga 2007–2011

Difi har utført eigenevalueringa ved hjelp av datamaterialet frå dei årlege Kvalitet på nett-vurderingane av offentlege nettstader sidan 2007, og ei spørjeundersøking blant nettredaktørar i offentleg sektor.

Analysen viser at nettstader i offentleg sektor i gjennomsnitt hadde vesentleg høgare kvalitet i 2011 enn i 2007. Samstundes er skilnader i nettkvalitet mellom statleg og kommunal sektor viska ut, og dei kommunale nettstadene har innhenta forspranget dei statlege hadde i 2007.

Suksessfaktorar

– Vi meiner at Kvalitet på nett er eit kraftfullt verkemiddel, med direkte effekt på kvaliteten på nettstader i offentleg sektor. Vurderinga er samstundes med på å halde diskusjonen om nettkvalitet levande, seier Holte.

Dei viktigaste suksessfaktorane er eit nokolunde stabilt og enkelt kriteriesett, som årleg vert justert og oppdatert i dialog med nettstadseigarar og andre interessentar, mellom anna i form av opne høyringar. Offentleggjeringa av resultata i samband med kvalitetskonferansen, med rangering av alle nettstadene, er òg med på å gi verkemiddelet kraft og merksemd.

Behov for endringar

Både ut frå resultata i spørjeundersøkinga og våre eigne vurderingar, ser vi at tida er inne for å gjere omfattande endringar i kriteriesettet for Kvalitet på nett. Våren 2013 vil vi gjennomføre vurderingane etter same mal som tidlegare, men samstundes vil vi jobbe med ein omfattande revisjon av kriteriesettet som vil gjelde frå 2014.

– Blant innspela Difi har fått, er at vi bør leggje meir vekt på innhaldet på nettstadene, og at kriteria i større grad må spegle at det er store skilnader mellom nettstadene og målgruppene deira, seier Holte.

Difi vil i denne prosessen leggje vekt på å hente inn tilbakemeldingar frå nettredaktørane og andre interessentar, for å sikre eit best mogleg resultat.

Fakta om kvalitet på nett:

  • Statskonsult starta med Kvalitet på nett-vurderinga i 2001, og Noreg.no og Difi har vidareført og vidareutvikla arbeidet kontinuerleg.
  • Kvart år vurderer vi om lag 670-700 offentlege nettstader, og rangerar dei frå ein til seks stjerner.
  • Kvaliteten blir vurdert ut frå kriterier innan tilgjengelegheit, brukartilpassing og nyttig innhald.
  • Difi jobbar no med ein omfattande revisjon av kriteria som vil gjelde frå 2014.
  • Les meir på: https://kvalitet.difi.no/
Publisert: 15. mar 2013, Sist endret: 18. aug 2017

Deldette