Difi fasar ut Java for BankID i ID-porten

ID-Porten har no teke den nye Java-fri BankID i bruk. Det betyr ei vesentleg forbetring av brukaropplevinga for alle som loggar seg inn på offentlege tenester via ID-porten.

– Fordi ID-porten er ei felles påloggingsløysing og ein sentral byggekloss i utviklinga av offentlege tenester på nett, er det viktig for Difi å vere tidleg ute med å implementere nye løysingar seier Tor Alvik, fagdirektør i Difi.

Fram til  september i 2014 har det vore oppunder 41 millionar innloggingar til offentlege tenester på nett gjennom ID-porten. Nær  35 % av innloggingane i oktober vart gjort med BankID.  Det fortel kor positiv denne nye versjonen blir for brukaropplevinga  i ID-porten.

– Java-fri BankID er godt nytt for oss. Brukarstøtte for ID-porten tek kvar dag imot mange samtalar frå innbyggarar med problemstillingar knytt til Java. Siste månad var over 10 prosent av alle samtalane knytt til ulike problem med Java. BankID  utan Java vil gjere det lettare for folk flest å logge seg inn til offentlege tenester på nett, seier Tor Alvik.

500 offentlege tenester utan Java

Mange vil legge merke til endringane i ID-porten. I dag er det over 500 offentlege tenester i stat og kommune som nyttar ID-porten til innlogging.

Overgangsordning

Så lenge det er aktuelt, vil ID-porten automatisk lose brukarar som har eldre versjonar av nettlesarar som ikkje støttar java-fri BankID, til ein innlogging med Java-versjonen av BankID. Det vil gje desse brukarane ein sjanse til logge seg inn med sin BankID som før.

Om BankID utan Java

  • Krev ikkje Java eller anna installert programvare.
  • Same løysning fungerer på alle plattformar; mobil, brett og datamaskin.
  • Kundane brukar den same påloggingsrutinen som før, med fødselsnummer, eingangskode frå kodebrikke e.l. og personleg passord.
Publisert: 19. nov 2014, Sist endret: 11. mar 2015

Deldette