Husbanken i gang med digital post

Frå i dag sender Husbanken brev til innbyggaren sin digitale postkasse.

–  Vi oppfordrar alle som får brev frå Husbanken til å gå inn på Norge.no og opprette sin eigen digitale postkasse. Jo fleire som kan verte nådd digitalt, jo meir reduserer vi papirforbruket og utsleppa frå transport av brev, seier Bård Øistensen, administrerande direktør i Husbanken i ei pressemelding.

I startfasen vil Husbanken sende bostøttevedtak digitalt til bostøttemottakarar som har valt postkasse. På sikt er planen at alle breva til Husbanken skal sendast som digital post.

Husbanken har jobba med den tekniske løysinga over lengre tid, og er ein av dei første offentlege etatane som sender brev med sikker digital post.

Publisert: 23. apr 2015, Sist endra: 18. okt 2017

Sharethis

Kontakt

Kommentarar

Skriv ny kommentar

* obligatorisk felt som du må fylle ut for å sende skjemaet.