Norske nettstader for dårlege på universell utforming

For første gang i Norge har Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) målt status for universell utforming på norske nettsider. Resultata viser at både i privat og offentleg sektor er norske verksemder for dårlege på universell utforming. Privat sektor scorar lågare i vår måling enn offentleg, og det er spesielt bransjane bank, media og reise og transport som er lite tilgjengelege for befolkninga.

Last ned

Dette kjem fram i Difi sin rapport «Digitale barrierar på norske nettstader» som viser korleis det står til med universell utforming av IKT på norske nettsider. Rapporten presenterer resultata frå ei utvalsundersøking der tilsyn for universell utforming av IKT i Difi har undersøkt nettsidene til 304 norske verksemder i offentleg og privat sektor.

Måler tilgjengelegheit på nettsider

Målinga skal bidra til å finne risikoområde som gjer det vanskeleg eller umogleg for mange å bruke nettbaserte løysingar. I gjennomsnitt oppnår verksemdene berre 51 prosent av totalt oppnåelege poeng i undersøkinga. Offentleg sektor har dei mest tilgjengelege løysingane og oppnår eit gjennomsnittsresultat på 54 prosent, medan privat ligg på 49 prosent. Men det er stor variasjon i resultata frå verksemd til verksemd.

Hovudfunn

Resultata samla sett viser at norske verksemder er for dårlege på universell utforming, både i privat og offentleg sektor:

  • Privat sektor har større utfordringar enn offentleg .
  • Banktenester er minst tilgjengelege av alle bransjar.
  • Mediebransjen, og spesielt store mediehus, scorar lågt i vår måling.
  • Transportbransjen, og spesielt reiseselskap, er også lite tilgjengelege.
  • Gjennomsnittet på alle verksemder vi har målt ligg på 51 prosent score i vår måling.

- Resultata er nedslåande, både for privat og offentleg sektor. Dette viser at det er et klart behov for regelverket som set krav til at nettsider skal vere universelt utforma, dersom innbyggarane skal få best mogleg tenester, seier Malin Rygg, leiar i tilsyn for universell utforming av IKT i Difi.

Kven er best og kven er verst?

Offentleg sektor er best, spesielt departementa. Nokre av dei større publikumsretta verksemdene peikar seg og positivt ut, men det er store variasjonar.

Privat sektor ligg under gjennomsnittet i vår måling. Vi ser at det er flest utfordringar i banksektoren. Det er verdt å merke seg at det ikkje er dei største bankane som scorar best – den beste banken er ein mindre bank i distriktet.

Det same mønsteret ser vi elles også i media som samla sett ikkje scorar høgt i målinga. De største nasjonale mediehusa scorar dårlegast, mens ei mindre lokalavis gjer det best blant alle medieselskapa vi har undersøkt.

I transportsektoren ser vi nettsider som scorar både over og under gjennomsnittet. Fleire store reiseoperatørar peikar seg ut med dårleg tilgjengelegheit på nettsidene sine.

Kva er dei vanlegaste feila?

Dei vanlegaste feila vi finn er feil i kodegrunnlaget, mangel på tekstalternativ til bilete og illustrasjonar, feil bruk av lenker og dårleg kontrast. Dette gjeld både i privat og offentleg sektor.

Slike feil gjer at mange ikkje kan ta i bruk tenester og informasjon på nettet. Dette gjeld fleire brukargrupper, mellom anna personar med lese- og skrivevanskar eller utfordringar med minne og konsentrasjon, og personar som brukar leselist eller skjermlesar, eller andre som kan ha nytte av å få lese opp teksten.

Mange av feila er enkle å gjere noko med, og nokre enkle grep vil gjere norske nettsider mykje meir tilgjengelege enn dei er i dag. Rett bruk av tekstalternativ til bilete, betre struktur på nettsidene og korrekt fargekontrast vil auke tilgjengelegheita både for dei som navigerer med tastatur, brukar skjermlesar eller voiceover eller berre les nettsider på mobilen.

Tilsyn for universell utforming av IKT ligg under Difi og fører tilsyn etter forskrift om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Rettleiing om korleis du kan følgje krava finn du på tilsynet sine nettsider.

uu.difi.no
Universell utforming av IKT

Pressespørsmål

For meir informasjon, kontakt:

For meir informasjon og rettleiing om tilsynet i Difi og om krava til universell utforming av IKT, sjå tilsynet sin nettstad uu.difi.no. 

Følg gjerne tilsynet i Difi på Twitter på @uudifi

Publisert: 22. jun 2015, Sist endra: 18. aug 2017

Sharethis