Første tilsyn med ei norsk nettside gjennomført

For første gong har Difi gjennomført tilsyn med ei nettside for å kontrollere om den følgjer lovkrava til universell utforming. Det første tilsynet gjorde vi med nettsida til Lørenskog kommune. Tilsynsrapporten er no tilgjengeleg på tilsynet sine nettsider.

Tema for kontrollen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Tilsynet avdekka fem avvik frå minstekrava. Lørenskog kommune jobbar no med ein plan for  retting.

Lørenskog kommune si nettside er valt ut for tilsyn fordi den er ny av året og er ein av kommunen sine viktigaste hovudkanalar for informasjon til innbyggarane. Kommunen er valt ut også med bakgrunn i at tilsynet har offentlege tenesteytingar som eitt av sine tre satsingsområde i år. Dei to andre er bank- og finanstenester og transport og reiser.

Nyttig erfaring å bli ført tilsyn med

Teknologidirektør i Lørenskog kommune, Sidsel Nordhagen seier at det var nyttig å bli ført tilsyn med.  – Kommunen sine nettsider er ein viktig kanal for oss og vi veit at mange innbyggarar har våre nettsider som eit førsteval i sin kontakt med kommunen. Det var derfor ei positiv erfaring å bli ført tilsyn med, spesielt fordi vi fekk ein verifikasjon av kvaliteten på nettsidene våre knytt til universell utforming, og vi fekk avdekka feil som var enkle å rette på, og at vi dermed er trygge på at nettsidene våre kan brukast av alle.

- Tilsynet, og arbeidet som no er gjort og som vert gjort i etterkant, vil bidra til at alle innbyggarar i Lørenskog kommune vil få betre tilgang til informasjon via kommunen sine nettsider. I tilsynet fekk vi direkte og konkrete tilbakemeldingar på kva som var feil og korleis vi kunne rette opp dette. Vi sette stor pris på at Difi, som ein nøytral part, var ansvarleg for gjennomgangen av våre nettsider og opplevde Difi som konstruktive og profesjonelle, seier Nordhagen.

Slik førte Difi tilsyn

Leiar i tilsyn for universell utforming av IKT, Malin Rygg, er fornøgd med å vere i gang med å føre tilsyn med nettsider:

 – Vårt første tilsyn var med ein kommune med ganske nye nettsider. Vi fann nokre feil, men desse er enkle å gjere noko med. , seier leiar i tilsyn for universell utforming av IKT, Malin Rygg.

– Vi førte tilsyn ved å gå gjennom eit utval av kommunen sine sider. Vi testa koding, navigasjon og tekstalternativ. Ein førebels tilsynsrapport vart deretter sendt til kommunen med for kommentar. I løpet av september skal kommunen levere ein plan for retting.

Du kan lese den endelege tilsynsrapporten med Lørenskog kommune på tilsynet sine nettsider uu.difi.no/tilsyn

uu.difi.no
Universell utforming av IKT

Følg gjerne tilsynet i Difi på Twitter på @uudifi

Sist endret: 
21. sep 2015

Deldette

Kontakt