Har passert éin million meldingar

Digital postkasse til innbygger

Det offentlege Noreg passerte i september éin million sendte meldingar gjennom digital postkasse. Utviklinga er god, men framleis har for få innbyggarar valt digital postkasse.

– For at vi skal effektivisere forvaltninga, må vi kunne sende folk digitale meldingar. Derfor er det viktig at du og eg vel ein digital postkasse, seier avdelingsdirektør Torgeir Strypet i Difi.

Vel den du vil

Det offentlege har inngått avtale med to leverandørar av postkassar, Digipost og e-Boks. Du vel sjølv den postkassen du liker best. Postkassane er likestilte og begge tilfredsstiller strenge krav til sikkerheit.

Vel du ikkje postkasse, får du post i papir som før. Så langt har 500 000 nordmenn valt ein digital postkasse.

Vel digital postkasse på www.norge.no

– Digital postkasse er smart. Innbyggarane får samla post frå det offentlege gratis på ein stad. Dei får tilgang til posten sin der dei er, når dei vil. Men sidan Stortinget har bestemt at dette skal vere frivillig, er det viktig at folk flest tar skrittet og vel seg ein postkasse, seier Strypet.

Politiattest i postkassen

Politiet sender 350 000 politiattestar kvart år. 1. oktober starta dei å sende ut politiattest digitalt i e-Boks og Digipost. Dermed kan innbyggarane med digital postkasse få attesten raskare enn dei som bruker vanleg post.

I gang med digital post eller snart klare:

  • Statens Innkrevjingssentral: I gang med å sende bøter. Vedtaksbrev og andre tenester kjem i løpet av hausten.
  • NAV: Er allereie i gang med utbetalingsmeldingar, og nokre vedtaksbrev og innkallingsbrev på arbeidsavklaringspengar. Fleire vedtaksbrev og annan informasjon kjem.
  • Kreftregisteret: Sender allereie no ut påminningar til kvinner som bør undersøke seg for livmorhalskreft. I desember kjem invitasjonar til røntgenundersøking i regi av mammografiprogrammet.
  • Forsvaret: Innkallingar og annan kommunikasjon med vernepliktige kjem i løpet av 2016.
  • Pasientreiser ANS: Svar på søknadar om reiserefusjon kjem i andre kvartal 2016.
  • Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap: Innkalling til øvingar i Sivilforsvaret. Starttidspunkt ikkje klart.
  • Statens Pensjonskasse: Vedtaksbrev i pensjoneringsprosessen kjem i mars/april 2016.
  • Husbanken: I gang med å sende ut vedtak om bustønad
  • Politiet: Politiattestar vart frå 1. oktober sendt til den digitale postkassen.
  • Universitet og høgskular: 37 offentlege universitet og høgskular tar postkassen i bruk i løpet av hausten. I første omgang informasjon undervegs i studieløpet. Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Molde og Universitet i Agder vert dei tre første, og tar løysinga i bruk i løpet av kort tid.
  • Kommunar: Kristiansand, Vik og Sørum kommune er i gang med å sende digital post til e-Boks og Digipost via SvarUT. Vidare vil sju kommunar, deriblant Ålesund, byrje utsendingar via SvarUT i løpet av hausten.

 

Publisert: 21. okt 2015, Sist endra: 19. okt 2017

Sharethis

Kontakt