BankID på mobil klar for ID-porten

Ny e-ID i ID-porten - BankID på mobil

No blir det enklare å logge inn til offentlege tenester via ID-porten. BankID på mobil gjev brukarane eit nytt alternativ for å logge inn til offentlege tenester på nett. Løysinga er open for bruk i ID-porten frå og med 17. november.

Fakta om ID-porten

ID-porten gir i dag tilgang til over 750 nettbaserte tenester frå om lag 450 offentlege verksemder.

I 2014 hadde ID-porten over 52 millionar innloggingar, og det er forventa ein vekst på 25 % i 2015.

BankID Norge AS er tildelt kontrakt for ID-porten med løysinga BankID på mobil.

Med BankID på mobil er du ikkje avhengig av kodebrikka for å få tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå. Saman med MinID og dei eksisterande avtalane med BankID, Buypass og Commfides gjev dette innbyggarane og næringslivet auka valfridom og sikker kommunikasjon med offentlege verksemder.

- Vi trur at løysingar i mobiltelefonen kan gi endå større bruk av dei mange offentlege tenestene på nett, seier avdelingsdirektør Torgeir Strypet i Difi. - Mobiltelefonen har vi alltid med oss, medan kodebrikka ofte ligg heime når du treng ho.

Gir betre kontroll på eigne helseopplysningar

- Digitale helsetenester på helsenorge.no som eigenandelar, timeavtalar, vaksiner og kjernejournal blir no meir tilgjengelege for brukarane våre,  seier Bodil Rabben, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet og ansvarleg for helsenorge.no.

ID-porten forenklar bruk på nettbrett og mobiltelefon

– BankID på mobil gjev brukarane enklare tilgang til offentlege tenester på nettbrett og mobiltelefonar, seier seksjonssjef ved Brukarstøtte for ID-porten, Hege Feet Askvik i Difi. - På www.idporten.no finn du rettleiing og informasjon om korleis ein går fram for å ta i bruk den nye løysinga.

ID-porten
Hjelp til innlogging

 

Publisert: 16. nov 2015, Sist endra: 17. nov 2015

Sharethis