Lanserer felles seriøsitetskrav

Fellesforbundet, Byggenæringens Landsforening (BNL), KS og Difi er vortne einige om ei rekkje felles bestemmingar i samband med offentlege bygge- og anleggsanskaffingar.

Det offentlege kjøper bygge- og anleggstenester for omkring 200 milliardar kroner kvart år. Bestemmingane stiller mellom anna krav til faglærde handverkarar og lærlingar i prosjekta, avgrensingar i tilgangen til bruk av underleverandørar og pliktig medlemskap i StartBANK eller tilsvarande leverandørregister.

Landsdekkande bestemmingar

– Målet er at dei same kontraktsbestemmingane vert brukt over heile landet. Det vil gjere det enklare for offentlege oppdragsgivarar å skaffe inn bygge- og anleggsarbeid frå seriøse leverandørar, seier seniorrådgivar Anne Cathrine Jacobsen i Difi.

Ho seier at ved å stille krav om at leverandørane mellom anna skal ha fagarbeidarar og lærlingar, vert det lagt til rette for kvalitet på utføringa av oppdraga og utvikling av næringa. Dette vil også vere viktig for leverandørmarknaden som vil møte dei same krava over heile landet. Dette vil vere eit viktig verktøy i kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet i offentlege bygge- og anleggsanskaffingar.

Useriøse går ut

Fleire av krava vil heve terskelen for kva bedrifter som kan delta i offentlege konkurransar. Det vil bidra til å stenge ute useriøse aktørar. Hensikta er å sikre større føreseielegheit, betre kvalitet på det som vert bygt, og å fremme ei ryddig og seriøs næring for både dei tilsette og for bedriftene.

Regjeringa har i samband med regelverket for offentlege anskaffingar varsla styrkt lærlingklausul i offentlege kontraktar. I dei nye seriøsitetsbestemmingane ligg også ei anbefaling på korleis dette skal løysast. Per i dag er dette noko som det offentlege bruker mykje tid på å finne løysingar på.

Lærlingar er viktig

Partane påpeiker at det å sette krav til lærlingar i prosjekta er svært viktig for å få fleire lærlingar og motivere til fleire læreplassar. Erfaringane tilseier dessutan at godkjente lærebedrifter tar samfunnsansvar og lærer opp unge og vaksne, noko som sikrar at nødvendig fagkunnskap vert ført vidare gjennom lærlingordninga.

Publisert: 16. nov 2015, Sist endra: 18. okt 2017

Sharethis

Kontakt