KS og Difi: – Kom i gang med digital postkasse

KS og Difi sender denne veka brev til alle kommunane i landet med oppfordring om å ta i bruk den digitale postkassen slik at alle landets innbyggarar kan få digital post frå stat og kommune i e-Boks eller Digipost.

I 2010 starta kommunesektoren å bruke den kommunale løysinga SvarUT, og i dag bruker 220 kommunar løysinga. No er SvarUT kopla til løysinga for digital postkasse til innbyggarar, og kommunane kan aktivere tilkoplinga slik at deira innbyggarar får post i e-Boks eller Digipost saman med digital post frå statlege verksemder og private avsendarar.

Bergen først av dei store kommunane

Bergen kommune er først ut av landets største kommunar til å ta i bruk den statlege løysinga for sikker digital post. 

– Det er særs bra at kommunane no er i ferd med å ta i bruk den felles offentlege løysinga for digital postkasse til innbyggarar. Bergen er ein føregangskommune når det gjeld digitalisering, og det sender eit riktig og viktig signal til resten av kommunane at Bergen er i gang, seier avdelingsdirektør i Difi, Torgeir Strypet.

Store pengesummar

Staten sender om lag 125 millionar brev kvart år. Porto åleine utgjer over ein milliard kroner. Store summar vert brukt på brevutsendingar kvart år i kommunane også. Bergen er ein pioner når det gjeld digitalisering i offentleg sektor, og har sett seg som mål å digitalisere alle brevutsendingar innan 2017.

Løysinga for digital postkasse vart lansert i november 2014. Store statlege etatar som NAV, Politiet, Statens Vegvesen og Husbanken er i gang med å bruke løysinga. Eitt år etter lansering er totalt 37 offentlege verksemder i gang å sende digital post. Av desse er 24 kommunar, mellom anna Bergen og Kristiansand.

Sikrare enn e-post

Vanleg e-post er ikkje ein sikker måte å sende meldingar på. Innbyggarar som vil kunne motta viktige brev frå det offentlege digitalt må derfor opprette postkasse hos e-boks eller Digipost. Det kan dei gjere gratis via Norge.no. Når innbyggarane får digital post frå det offentlege, vil dei få varsel på SMS eller e-post.  Slik slepp dei å sjekke postkassen for ny post kvar dag. Det er frivillig for innbyggarane å opprette ein digital postkasse.

Fakta om digital post til innbyggar:

  • Regjeringa har bestemt at alle statlege forvaltningsorgan som i dag sender post på papir skal ta i bruk Difis løysing for digital post til innbyggarar innan første kvartal 2016.
  • Totalt er 37 offentlege verksemder i gang med løysinga. 24 kommunar er også i gang, mellom anna Bergen og Kristiansand.
  • 550 000 innbyggarar har per november valt postkasse hos e-Boks eller Digipost og er klare til å få digital post frå det offentlege.
  • SvarUT vert brukt av over 200 kommunar og er kopla til digital postkasse til innbyggarar slik at kommunane kan sende digital post til e-Boks og Digipost.
Publisert: 03. des 2015, Sist endra: 21. nov 2017

Sharethis

Kontakt