Difi ryddar i det digitale kontaktregisteret

I kontaktregisteret er det mange fødselsnummer som har same kontaktinformasjon. No ber Difi dei som deler mobilnummer og/eller e-postadresse med fleire andre personar om å rydde opp.

Dette kan gjelde privatpersonar eller dei som er verje eller fullmektigar på vegne av verksemder. Hensikta med slik delt registrering kan ha vore å kunne representere familien sin, kundar eller klientar på ein god måte.

Rett eller vert sletta

Fristen for å registrere rett kontaktinformasjon er 21. februar 2016. Etter denne fristen vil personar som framleis er registrert med same kontaktinformasjon som andre, bli sletta frå kontakt- og reservasjonsregisteret.

Kontakt- og reservasjonsregisteret gjer det mogeleg for stat og kommune å sende digitale meldingar til innbyggjarane. Difi gjennomfører denne ryddeaksjonen for å for å auke kvaliteten i registeret. Difi vil samstundes gjere dei det gjeld merksame på dei problemstillingane som oppstår når ein deler mobilnummer og/eller e-postadresse med andre personar i registeret.

Dette blir ein oppmoda om å gjere

Dei som blir kontakta av Difi med denne informasjonen blir oppmoda om å snarast sørge for at dei blir registrert med eigen kontaktinformasjon i kontakt- og reservasjonsregisteret.

Informasjon frå stat og kommune og eingongskodar til bruk ved innlogging med MinID, vil då gå til dei og ikkje til nokon andre. Via www.idporten.no kan ein enkelt oppdatere eigen brukarprofil.

Problem oppstår når ein person ikkje er registrert med sin eigen kontaktinformasjon

Kontaktopplysningane i registeret vert brukt til meir enn innlogging. Når det ikkje er personen sin eigen kontaktinformasjon som er registret, kan følgande skje:

  • Varsel om vedtak eller anna viktig informasjon til innbyggaren blir sendt til feil mottakar.

  • Varsel kan innehalde informasjon om innbyggar som er personsensitiv, som opplysningar om kontakt med offentlege helsetenester.

  • Varsel kan seie noko om innhaldet i ein digital melding sendt til innbyggar sin digitale postkasse.

  • Eingongskodar til MinID bestilt av innbyggar kan bli sendt feil.

  • Servicemeldingar frå stat og kommune kjem ikkje fram til innbyggar.
     

Ein elektronisk ID (eID) er personleg på same måte som eit pass eller eit førarkort, og skal ikkje nyttast av andre enn den som eig den.

Publisert: 09. feb 2016, Sist endra: 09. feb 2016

Sharethis