«e-Signatur» - ny nasjonal fellesløysing levert frå Difi

Illustrasjonsbilde signeringstjenesten

Fellesløysinga e-Signering er sett i produksjon. Denne nye signeringstenesta vil gjere det enklare for det offentlege og innbyggarane å signere kontraktar og avtalar digitalt.

- Elektronisk signatur er eit viktig element i å digitalisere offentleg sektor, fordi dette bidreg til å effektivisere manuelle prosessar og auke graden av sjølvbetening. Ei sikker og brukarvennleg signeringsløysning vil bidra til å forbetre og forenkle sentrale oppgåver for både stat og kommune, seier Torgeir Strypet i Difi.

e-Signatur gir trygge digitale avtalar

Signeringstenesta er ei frittståande teneste som er tilgjengeleg for offentlege verksemder. Tenesta bidreg til sikker, praktisk og effektiv handtering av dokument som krev signatur frå innbyggarane. Den digitale prosessen gjer at verksemdene slepp den manuelle handteringa ved å levere ut og hente inn dokument som skal signerast. Posten Norge AS er underleverandør til Difi på signeringstenesta.

Etter kvart som det blir fleire offentlege tenester på nett aukar behovet for at innbyggarar og næringsdrivande òg må få tilbod om å signere dokumenta som er ein del av tenesteleveransen elektronisk. For både innbyggarar og næringsdrivande vil denne tenesta gjere det enkelt å signere avtalar og kontraktar med offentleg sektor direkte via nett.

Signeringstenesta omfattar ein eigen signeringsportal, og er ei løysning for å integrere digital signering i ei kva som helst eksisterande nettside.

Det blir spennande å følge marknadsutviklinga på signaturtenesta

Universitetet i Oslo er den første som skal kople seg opp i løysinga. Fleire står for tur utover våren, og har gjennomført vellukka integrasjonar i test. 

Publisert: 14. apr 2016, Sist endra: 14. apr 2016

Sharethis

Kontakt