Ti nye statlege arbeidsplassar til Difi Leikanger

Regjeringa har vedteke å tilføre Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) i Leikanger i Sogn og Fjordane ti nye stillingar.

– Regjeringa vil spreie makt og byggje sterke lokalmiljø i heile landet. No styrkjer vi kompetansemiljøet i Leikanger. Dette er i trå med avtalen mellom regjeringa og Venstre om å etablere fleire statlege arbeidsplassar utanfor Oslo, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

– For Difi er dette ei god løysning! Vi er glade for at vi både styrker viktige område i Difi som universell utforming og nasjonale fellesløysningar, samtidig som vi styrker Leikanger-miljøet vårt. Det trur eg samarbeidspartane og kundane våre vil oppleve som verdifullt framover, seier direktør Steffen Sutorius.

Les nyhendemeldinga på Regjeringen.no

Sist endret: 
08. mar 2017

Deldette