Sparer 43 prosent på felles innkjøp av reisebyråtenester

Avtalepartnere reisebyråavtale

Ved å opptre som éin kunde vil staten spare rundt 43 prosent på innkjøp av reisebyråtenester, samanlikna med i dag.

I dag kjøper verksemdene slike tenester kvar for seg. No har Difi ved Statens innkjøpssenter inngått avtale om felles innkjøp av reisebyråtenester på vegne av staten.

Det er inngått avtale med to leverandørar:

  • Egencia Norway AS
  • G Travel Norge AS

Fellesavtalen som er inngått i dag omfattar alle former for reisebyråtenester, deriblant web-portal for bestilling av reiser og hotellopphald og manuell oppfølging. Til saman vil staten spare rundt 43 prosent, tilsvarande 17 millionar i året, på felles innkjøp. Dette kjem i tillegg til sparte transaksjonskostnadar, og ikkje minst frigitt tid og ressursar ute hos verksemdene.

Bruken av reisebyråtenester vil antakeleg auke med den nye avtalen, sidan mange verksemder ikkje bruker reisebyrå i dag, men vil gjere det når dei vert del av ein fellesavtale.

– Vi trur at den største innsparinga vil kome av at verksemda vil oppnå lågare prisar på reiser og overnatting gjennom å nytte reisebyrå som gir dei bistand med reisepolicy, bestillingar, analysar og statistikk. I tillegg vil innsparinga avhenge av avtalelojalitet og faktisk reiseverksemd, fortel leiaren av Statens innkjøpssenter, Kjetil Østgård.

Hvordan lage god reisepolicy
Arbeidsgiverportalen

Store prisforskjellar

Det er i dag veldig store forskjellar på kva verksemdene betaler for reisebyråtenestene. For nokre av verksemdene vil den nye avtalen bety over 90 prosent innsparing på byråkostnaden, for andre vert forskjellen vesentleg mindre.

Neste år kanskje også billettar og overnatting

Det er berre honoraret til reisebyråa som er omfatta – ikkje sjølve flybillettane og hotellopphalda. Neste år vurderer Statens innkjøpssenter også å inngå avtalar om innkjøp av reiser og hotell, som i så fall er venta å gi vesentleg større innsparingar.

Den andre avtalen av mange

Dette er den andre fellesavtalen Statens innkjøpssenter inngår. Den første avtalen gjeld innkjøp av forbruksmateriell, og fører til at staten sparer rundt 90 millionar kvart år. Om kort tid vert det også inngått avtale om felles innkjøp av internrevisjonstenester. Neste år er det planlagt fleire nye avtalar.

– Dette er ikkje den største avtalen isolert sett. At vi kan bidra til at staten sparer så mykje som 43 prosent på innkjøp av ei einskild teneste illustrerer likevel på ein god måte at innsparingspotensialet ved felles innkjøp er særs stort. Berre på to avtalar sparer staten over 100 millionar årleg, seier direktør Steffen Sutorius i Difi. I tillegg kjem store innsparingar på transaksjonskostnadar.

Kven er omfatta

Alle statlege forvaltningsorgan i sivil sektor er obligatorisk omfatta av fellesavtalar inngått av Statens innkjøpssenter. Dei obligatorisk omfatta verksemdene kan velje fråval dersom dei ikkje har behov for tenestene som avtalen dekker, eller dersom dei har spesifikke behov som ikkje vert dekt av avtalen.

Om reiseavtalene i staten
Arbeidsgiverportalen

 

Publisert: 11. des 2017, Sist endra: 10. jan 2018

Sharethis

Kontakt