Ny nettside for arbeidsgivarar i staten

Arbeidsgiverportalen dekker mange oppgaver. Illustrasjonsfoto.

Frå nyttår skal statlege arbeidsgivarar, leiarar og HR-medarbeidarar finne informasjon om statleg arbeidsgivarpolitikk, fagsider og ulike verktøy på den nye nettstaden Arbeidsgiverportalen.

Frå 4. januar 2018 har Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) ansvaret for rettleiing om statleg arbeidsgivarpolitikk. Eit viktig verktøy i dette arbeidet er den nye arbeidsgivarportalen.

- Vi har med det nådd ein viktig milepæl i vår statlege arbeidsgivarstrategi. Ein viktig ambisjon er å styrke støtta og rådgivinga overfor verksemdene, særleg knytt til omstilling. Eg er sikker på at statlege arbeidsgivarar vil få god hjelp og støtte med det nye tilbodet, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Difi tek no over støtte- og rettleiingstenestene for statlege arbeidsgivarar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Alle førespurnadar om støtte og rådgiving skal rettast til Difi si rettleiingsteneste. Portalen har og ei teneste for erfaringsdeling mellom statlege verksemder.

- Mange statlege verksemder står framfor store omstillingsprosessar. Den nye arbeidsgivarportalen vil styrke verksemdene sine moglegheiter til å gjennomføre desse på ein god måte. Verksemdene har sjølv gitt innspel under utviklinga av nettportalen, som har gode, brukarvennlege fagsider. Eg er glad for at Difi har fått denne viktige oppgåva, seier direktøren i Difi, Steffen Sutorius.

Publisert: 03. jan 2018, Sist endra: 26. jan 2018

Sharethis