eFormidling

eFormidling er ei løysing for sikker, samordna og effektiv meldingsutveksling for offentleg sektor.

Publisert: 22. aug 2018, Sist endra: 01. apr 2019

eFormidling gjer det mogleg å kommunisere med verksemder (etter kvart også innbyggjarar) på ein enkel og sikker måte, utan å måtte ta omsyn til om mottakaren er ei privat eller ei offentleg verksemd.

Forenkle og spare

Ved å ta integrasjonspunkt for eFormidling i bruk som ei fellesløysing for offentleg sektor vil verksemdene oppnå store gevinstar. Det ligg eit stort innsparingspotensial berre ved å digitalisere dei meldingane som offentlege verksemder i dag sender som papirbrev til kvarandre. Når meldingsutvekslinga blir digitalisert, får ein dessutan enklare arbeidsprosessar. Det er også rimelig for verksemdene å etablere og bruke løysinga.

Den sentrale infrastrukturen for eFormidling blir forvalta av Difi, og kvar enkelt verksemd installerer eit lokalt integrasjonspunkt. På denne måten blir mykje av den digitale kompleksiteten knytt til meldingsutveksling handtert sentralt, noko som igjen gjer at verksemdene lokalt kan ha større fokus på sine kjerneoppgåver.

eFormidling bidrar til forenkling på fleire plan:

  • Saksbehandlarar og verksemder får ein enklare kvardag ved at dei ikkje treng å ta stilling til korleis meldinga skal bli sendt. I dag må saksbehandlarane ofte vurdere kva slags digital transportinfrastruktur dei skal nytte for ulike typar meldingar. Ved å ta i bruk integrasjonspunkt for eFormidling handterer løysinga den digitale logistikken, og saksbehandlaren treng ikkje å ta stilling til dette.
  • Verksemdene får eitt integrasjonspunkt i staden for mange forskjellige integrasjonar slik som i dag.
  • eFormidling bidrar til raskare digitalisering av meldingar, og brukarar får raskare og enklare tilgang til informasjon.

Sharethis

Bakgrunn

Sidan 2015 har Difi pilotert ei løysing for å forenkle, effektivisere og sikre meldingsutvekslingane som går føre seg mellom offentlege verksemder. Difi har utvikla integrasjonspunktet for eFormidling som bidrar til at verksemdene slepp å bry seg om den digitale kompleksiteten. I 2016 blei løysinga utvikla, og den blei pilotert vidare i produksjonsmiljøet i 2017. I 2018 blei løysinga rulla ut til statlege verksemder.

På oppdrag frå KMD har Difi utreda meldingsutveksling mellom offentlege verksemder og skaffa verdifull erfaring med utfordringsbildet ved digitalisering av asynkrone meldingsstrømmer i offentleg sektor.

Arbeidet er dokumentert gjennom to Difi-rapporter: 

  • 2014:13 "Meldingsutveksling internt i forvaltningen"
  • 2015:3 "Løsning for meldingsutveksling i offentlig sektor"

Oppfølgingsprosjektet «Pilot for meldingsutveksling internt i forvaltningen» og Digital post til innbygger har gitt verdifull kunnskap blant annet dokumentert i publikasjon om referansearkitektur for meldingsutveksling.

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*