eSignering

eSignering gjer det mogleg for innbyggjarar å signere dokument frå det offentlege digitalt ved påføring av digital personsignatur. Signeringstenesta er ei frittståande teneste som er tilgjengeleg for offentlege verksemder. Difi har etablert og forvaltar tenesta, medan Posten Norge AS er leverandør.

Publisert: 14. apr 2016, Sist endra: 18. jan 2019

Signeringstenesta kan hjelpe offentlege verksemder med å tilby brukarvennleg, sikker, praktisk og effektiv handtering av dokument som krev signatur frå innbyggjarar.

Den digitale prosessen gjer at verksemdene slepp manuell handtering ved utlevering og innhenting av dokument som skal signerast. Dette er ofte tidkrevjande og kostbare prosessar. Ved å bruke elektronisk signatur får ein også sikra krava om sporing og bevis for elektroniske dokument.

På Samarbeidsportalen er det publisert informasjon om korleis du kan ta i bruk signeringstjenesta, kva tenesta kostar og teknisk dokumentasjon.

 

Sharethis

Kontakt

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*