Innhold

ID-porten

ID-porten er ei felles nasjonal påloggingsløysing og ein sentral byggekloss i utviklinga av offentlege tenester på nett.

Med ID-porten kan di verksemd tilby innbyggjarane ei sikker digital teneste.

Fakta om ID-porten

  • ID-porten gjev tilgang til meir enn 1100 nettenester frå over 600 offentlege verksemder, og er ei offentleg fellesløysing drifta av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

  • ID-porten gjev innbyggarane valet mellom fem elektroniske ID-ar: Det offentlege sin eigen MinID og dei private løysningane: BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides.

  • MinID er på mellomhøgt sikkerheitsnivå. MinID står for 28,4 % av innloggingane i ID-porten.

  • BankID, BankID på mobil, Buypass og Commfides gjev tilgang til tenester på høgaste sikkerheitsnivå. BankID utgjer 48,5 %, BankID på mobil 20,4 %, Buypass 2,7 % og Commfides 0,02 % av innloggingane i ID-porten.
     

Med kjende elektroniske ID som MinID, BankID, Buypass og Commfides får brukarane fordelen av å nytta påloggingsløysingar dei kjenner frå før. Dermed slepp verksemda di å tenkje på administrasjon av brukarnamn og passord, samt brukarstøtte for eiga påloggingsløysing.

 

ID-porten for din nettstad

Med ID-porten kan innbyggjarane løyse oppgåver frå det offentlege, både privat og i arbeidssamanheng.

 

Kva verksemder kan nytte ID-porten?

Det er Difi som ut i frå retningslinjene avgjer om ei verksemd kan knyte seg til ID-porten. Dette skjer på grunnlag av Bruksvilkår for Difis felleskomponentar og Spesielle bruksvilkår for ID-porten. Ei verksemd som har akseptert bruksvilkåra vert omtala som kunde.

Desse verksemdene kan knyte seg til ID-porten

  • Tilsyn, ombod eller direktorat.
  • Fylkeskommune, kommune, eller kommunale etatar
  • Offentleg eigde selskap som kun leverer teneste til det offentlege
  • Offentlege verksemder og andre verksemder som utfører oppgåver på vegne av, og som delvis eller heilt er finansiert av det offentlege.

Kva verksemder nyttar ID-porten i dag?
https://samarbeid.difi.no/virksomheter-som-benytter-id-porten
 

ID-porten kan nyttast til både arbeidsrelaterte og private føremål.

Ved spørsmål om å knyte seg til ID-porten, ta kontakt med oss på e-post; idporten@difi.no

 

Kva kostar det?

Bruken av ID-porten vil være kostnadsfri for de aller fleste virksomheter. Bare kunder med antall transaksjoner(innlogginger) over 200.000 per avregningsår(oktober-september), må være med å dekke Difi sine utgifter til bruk av elektronisk ID fra de private markedsaktørene BankID, Buypass og Commfides.

Ta kontakt med Difi på e-post idporten@difi.no dersom du har spørsmål angåande kostnader ved bruk av ID-porten.

Sikkerheit og funksjonalitet

ID-porten er ein felles infrastruktur for å logge inn til offentlege tenester. Det er ei vidareføring av den offentlege løysinga for å logge inn MinID. Med ID-porten er det lagt til rette for at innbyggarane sjølve kan velje kva elektroniske ID dei sjølve ønskjer å nytte. Det er muleg å logge inn med elektronisk ID frå MinID, BankID, Buypass og Commfides.

I ID-porten gir MinID tilgang til tenester opptil mellomhøgt sikkerheitsnivå (nivå 3).BankIDBuypass og Commfides gir tilgang til tenester og til og med høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4).

Velg mellom fire e-ID

Sikkerheit

I ID porten er det tre leverandørar av e-ID som kan nyttast til tenester som krev høgste sikkerheitsnivå (nivå4), BankID, Buypass ID og Commfides e-ID. Det vil sei at det er muleg for di verksemd å tilby tenester som inneheld meir sensitiv informasjon, til dømes helseopplysningar. Dette kan og vere tenester som det er meir kritisk at uvedkomande ikkje får tilgang til.

Mellomhøgt sikkerheitsnivå (nivå 3): MinID. Ein faktor som inneheld ei løysing på to faktorar: noko som brukaren veit: fødselsnummer og eit sjølvvalt passord- samt noko brukaren har: ein kode på SMS eller pin kodebrevet.

Høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4): BankID, Buypass og Commfides. Alle leverar e-ID på høgaste sikkerheitsnivå. Dette er og ein tofaktor løysing der du veit din eigen PIN-kode/passord og har ei kodebrikke (BankID), eit smartkort (Buypass) eller ein USB pinne (Commfides).

Elektronisk ID på høgaste sikkerheitsnivå blir berre levert ut ved personlig oppmøte der ein må vise legitimasjon. 


Teknisk arkitektur

ID-porten sine autentiseringsløysingar nyttar OpenSSO/OpenAM som fødereringsplatform.

Dei ulike eID-ane (MinID, BankID, Buypass, og Commfides e-ID) er integrert mot OpenSSO ved hjelp av standard API er. Difi har ansvar for integrasjonsløysningane mot e-ID leverandørar som tilbyr proprietære integrasjon APIer.

Vår referanseimplementasjon for tenesteeigare baserast på OpenSAML. Fødereringen av ei tenesteeigarane sine tenester inn mot ID-porten, baserar seg på SAML2 OASIS-standarden. Difi si iverksetjing er eit subset av e-government SAML2-profilen som Danmark har vært med på å utvikla og som blir nytta i nemID. SAML2 nyttar både single sign-on (SSO) og single logout (SLO). Single sign-on vil bli nytt der det er sikkerheitsmessig akseptabelt.

 

Bilde: Teknisk arkitektur for ID-porten 2.0

teknisk_ID-porten

Samarbeidsportalen

Samarbeidsportalen er den primære informasjons- og varslingskanalen frå Difi om samarbeidet rundt Difi sine nasjonale felleskomponentar og Norge.no.

Samarbeidsportalen er den primære kanalen for dialog mellom Difi og kundar av felleskomponentane. Ved å akseptere Bruksvilkår for Difi sine felleskomponentar og Spesielle bruksvilkår for ID-porten får verksemdene tilgang til Difi sin samarbeidsportal.

Samarbeidsportalen inneheld mellom anna oppdatert teknisk dokumentasjon, driftsinformasjon, avtaleverk, kontaktinformasjon, møteinnkallingar og –referat, statistikk og andre relevante rapportar. Skulle det oppstå hendingar eller andre forhold som Difi har behov for å varsle verksemdene om, vert det lagt ut utfyllande informasjon om dette i Samarbeidsportalen.

Verksemdene er sjølv ansvarleg for å til einkvar tid halde eigne kontaktdata og anna naudsynt informasjon om tenestane sine oppdatert i Samarbeidsportalen.

Lenka under fører deg til felles brukarhandtering for Difi, der du kan logge deg inn i Samarbeidsportalen eller be om tilgang. 

Logg inn - samarbeid.difi.no

 

Elektronisk ID

Det blir tilbydd fleire leverandørar av elektroniske ID (e-ID) i ID-porten. Difi  har med ID-porten har laga ein felles infrastruktur for pålogging til offentlege tenester på nett. Gjennom ID-porten kan brukarane identifisere seg med fylgjande e-ID: MinIDBankIDBuypass, Commfides eller BankID på mobil.

Fleire og sikrare elektroniske ID som kan nyttast av innbyggarane legg til rette for ei meir brukarvenleg og sikrare løysing. Sikrare fordi BankID, Buypass og Commfides leverer e-ID på høgaste sikkerheitsnivå (nivå 4), og meir brukarvennleg fordi innbyggarane sjølv kan velje kva e-ID dei ynskjer å nytta.

Sikker pålogging

Elektronisk ID på høgste tryggleiksnivå gjennom BankID, Buypass og Commfides betyr at di verksemd kan tilby fleire og meir avanserte tenester på nett. For eksempel vil det vere muleg å tilby tenester som inneheld meir personsensitive data. Dette gjev større fleksibilitet og rom for å gje innbyggarane tilgang til fleire data og opplysningar. Med andre ord kan verksemda di utvikle tenester som er meir brukarvennlege og betre egna for å dekke alle behov hjå den digitale innbyggaren. ID-porten gjev tilgang til tenester opp til og med høgste sikkerheitsnivå (nivå 4).

God brukarstøtte for innbyggarar

ID-porten er tilgjengeleg på både bokmål, nynorsk, engelsk og samisk. I tillegg har ID-porten òg eit innebygd alternativ for høgare kontrast og eitt for større skriftstorleik. Slik får òg svaksynte muligheit til å logge inn til offentlege tenester på nett.

Difi tilbyr ei fullverdig brukarstøtte for innbyggarar som treng hjelp til pålogging gjennom ID-porten:

  • telefon, måndag-fredag mellom 08:00-15:30
  • chat og e-post
  • webportal med hjelp og rettleiing:  http://www.idporten.no

Verksemder som nyttar ID-porten har høve til å bestille utvida opningstid mot betaling, regulert i tråd Tilleggstjenester for Difis felleskomponenter.

 

ID-porten
Hjelp til innlogging

 

Sist endret: 
12. des 2016

Deldette

Aktuelt

Felles brev til kommunene: Ta i bruk offentlige felleskomponenter!

Difi har ansvaret for å utvikle og forvalte en rekke IT-løsninger som er tilgjengelig for statlige, kommunale og fylkeskommunale virksomheter i deres tjenesteutvikling. Difi og KS oppfordrer alle kommuner til å benytte seg av mulighetene og gevinstene som ligger i bruk av offentlige felleskomponenter.

Ny e-ID i ID-porten - BankID på mobil

BankID på mobil klar for ID-porten

No blir det enklare å logge inn til offentlege tenester via ID-porten. BankID på mobil gjev brukarane eit nytt alternativ for å logge inn til offentlege tenester på nett. Løysinga er open for bruk i ID-porten frå og med 17. november.

Digital postkasse til innbygger

Har passert én million meldinger

Det offentlige Norge passerte i september én million sendte meldinger gjennom digital postkasse. Utviklingen er god, men fremdeles har for få innbyggere valgt digital postkasse.

Difi fasar ut Java for BankID i ID-porten

ID-Porten har no teke den nye Java-fri BankID i bruk. Det betyr ei vesentleg forbetring av brukaropplevinga for alle som loggar seg inn på offentlege tenester via ID-porten.

500 offentlige tjenester med innloggingsløsning

Stavanger kommune og læringsplattformen Itslearning ble tjeneste nummer 500 som bruker ID-porten. Milepælen ble markert med tale og blomster fra statssekretær Paul Chaffey på KS' eForvaltningskonferanse i Stavanger.

ID-porten ikke berørt av sikkerhetsfeil

Difis analyse av egne systemer viser at ID-porten ikke er berørt av sikkerhetsfeilen i OpenSSL. Brukerne av ID-porten behøver ikke å bytte passord.

Rekordtrafikk på ID-porten

I forbindelse med at selvangivelsen ble tilgjengelig for e-brukerne, var det i går rekordhøy trafikk på ID-porten.

Å starte i staten – et introduksjonsprogram for nyansatte

"Å starte i staten" er et e-læringsprogram som gir en rask innføring i grunnleggende forvaltningskompetanse. Programmet skal bidra til en bevisstgjøring om hva det innebærer å jobbe i staten og gi en felles forståelse av det statlige rammeverket og statsforvaltningens styring, organisering og hovedoppgaver.

Kontakt

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*