Kontakt- og reservasjonsregisteret

Kontakt- og reservasjonsregisteret er eit register over innbyggjarane sin digitale kontaktinformasjon og reservasjon, og er ei fellesløysing som alle offentlege verksemder skal bruke i tenesteutviklinga si.

Publisert: 18. nov 2014, Sist endra: 17. jan 2019

Felles kontakt- og reservasjonsregister

Kontakt- og reservasjonsregisteret skal brukast av forvaltninga til å sjekke reservasjonsstatusen til innbyggjarane og for å få tilgang til innbyggjarane si registrerte e-postadresse og mobilnummer. E-postadressa eller mobilnummeret skal nyttast til varsling når viktige brev blir sendt digitalt til innbyggarar som ikkje har reservert seg. Offentlege verksemder kan framleis sende SMS, e-post eller brev digitalt med påminningar om avtaler, servicemeldingar om stenging av vatn og liknande, også til dei som har reservert seg.

Oppdatere kontaktinformasjon

Innbyggjaren oppdaterer sjølv kontaktinformasjonen i kontakt- og reservasjonsregisteret.

På hjelpesidene til ID-porten finn innbyggjaren informasjon om korleis du kan kontrollere og oppdatere opplysningar i kontaktregisteret

Her er også informasjon om reservasjon mot kommunikasjon på nett.

Når forvaltningsorganet har kopla seg opp til kontakt- og reservasjonsregisteret, kan det kommunisere digitalt med alle innbyggjarar som ikkje har reservert seg, utan å innhente samtykke. Det er obligatorisk for alle forvaltningsorgan å nytte registeret til varsling om digital kommunikasjon frå 1. januar 2016.

Bruk av registeret er vederlagsfritt, men verksemda må sjølv betale tilknytinga.

Varslingsregelen

Forvaltningsorganet skal sørge for at parten blir varsla om at enkeltvedtak er fatta og om kor og korleis vedkommande kan skaffe seg kunnskap om innhaldet. Tilsvarande gjeld for andre brev med viktig informasjon. Tilgang på mobilnummer og e-postadresse er derfor en føresetnad for digital kommunikasjon.

Til næringsdrivande skal varslinga skje til ei oppdatert elektronisk adresse som eininga har oppgitt.

Til innbyggjarar skal mobilnummer og/eller e-postadresse frå kontaktregisteret nyttast til slik varsling. Dersom innbyggjaren ikkje har registrert kontaktinformasjon i kontaktregisteret, kan innbyggjaren ikkje varslast og kan da ikkje ta imot vedtak og andre viktige brev digitalt. I praksis vil vedkommande da vere å rekne som reservert.

Sharethis

Kontakt