Medlemmene i Digitaliseringsrådet

Her kan du lese om medlemmene i Digitaliseringsrådet og bakgrunnen deira.

Publisert: 23. nov 2015, Sist endra: 01. okt 2019

Svein Ragnar Kristensen

Kristensen er leiar av Digitaliseringsrådet. Han var skattedirektør frå juli 2006 til juli 2013 og har til saman 18 år i Skatteetatens leiing. Dette var ein periode med omfattande IKT-utvikling, digitalisering av tenestene og store omstillings- og organisasjonsprosessar der IKT var ein viktig drivar. Han har tidlegare vore administrasjonsdirektør i Rikstrygdeverket og Direktoratet for arbeidstilsynet, byråsjef i KAD og medarbeidar i APs stortingsgruppe. Sidan 2013 har Kristensen støtta Politidirektøren med omstillinga av politiets administrative funksjonar. Han er utdanna siviløkonom.

Spisskompetanse:
- Tidleg involvering av brukarane i utviklingsprosessane
- Bruk av digitalisering som drivar for omstilling og fornying
- Endringsleiing og kulturarbeid i tillegg til teknologi
- Betydninga av god og åpen dialog mellom departement og etat

 

Toril Nag

er utdanna sivilingeniør innan Computer Science og har lang industrierfaring frå IT/Telecom, inkludert styring av større IT-prosjekt og IT -anskaffingsprosjekt. Ho er i dag konserndirektør for Tele/Teknologiområdet i Lysekonsernet med mellom anna ansvar for internettleverandøren Altibox og IoT-selskapet Smartly, og Lyse si utbygging av fibernett. Nag er også nestleiar i styret i IKT Norge.

 

Jan-Olav Styrvold

er tidlegare norsk administrerande direktør og Vice President EMEA i eit amerikansk programvareselskap, seinare partnar i norsk bedriftsrådgjevingsfirma i 13 år. Han er no direktør Økonomi og IT i AS Vinmonopolet. I tillegg har Styrvold også sete som styreleiar og styremedlem i ei rekkje norske verksemder innan IT-teknologi.

Spisskompetanse:
- Lang erfaring som prosjekleiar i store, komplekse prosjekt
- Bakgrunn for kostnadsestimering i ulke typar prosjekt
- Kvalitetssikring av store prosjekt i privat og offentleg sektor
- Fokus på gevinstrealisering/nyttestyring

Øivind Christoffersen

er utdanna frå Universitetet i Oslo med hovudfag i Informatikk. Han har arbeidd med større IT-prosjekt både som systemutviklar og prosjektleiar. Han gjekk etter kvart over i leiarstillingar i norske og internasjonale selskap, og sat i toppleiinga i Hewlett-Packard Norge og var adm. direktør i Honeywell Norge. Frå 2000 til 2013 var han adm. direktør i Statsbygg. Dette var ein periode då Statsbygg utvikla ein prosjektgjennomføringsmodell med risikohandtering både på prosjekt- og porteføljenivå. Frå 2013 til 2017 var han spesialrådgivar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Christoffersen sit i dag i diverse styre.

Spisskompetanse:
- Leiing. Betydninga av tydeleg og leiing, og moglege fallgruver.
- Avgjersstrukturar, ansvar, roller.
- Verksemdskulturens betydning for vellukka gjennomføring.
- Handtering av potensiell motstand i organisasjonen og hjå interessentane.
 

Nina Aulie

har cand.mag i samfunnsfag frå universitetet i Bergen og Oslo og er ein erfaren endringsleiar. Ho har meir enn 20 års erfaring frå toppleiing i offentleg sektor, der ho har jobba med implementering av prosessar og organisasjonsendringar. Aulie har også leia omfattande endringsprosessar i store organisasjonar som Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet.

Spisskompetanse:
- "Å ta oss frå der vi er til dit vil vil"
- Kva er behovet for endring, og er behovet enkelt forklart?
- Har dei som skal vera med på endringsreise tatt i mot og forstått behovet?

Magne Jørgensen

har mastergrad innan økonomi og IT frå universitetet i Karlsruhe og doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Han er sjefsforskar ved Simula Research Laboratory og professor ved Universitetet i Oslo. Han har erfaring som prosjektleiar og leiar for IT-prosessar i Telenor og Storebrand. Forskinga hans har dei seinare åra i stor grad fokusert på planlegging og leiing av IT-prosjekter

Spisskompetanse:
- Leiing av digitaliseringsprosjekt
- Nyttestyring/gevinstrealisering, særlig i gjennomføringsfasen
- Kost/nytte og usikkerheitsanalysar
- Smidige forretnings- og utviklingsprosessar

Eli Stokke Rondeel

er utdanna sivilingeniør frå NTH/NTNU innan signalbehandling i 1994. Ho har jobba 15 år som konsulent i Accenture og Devoteam. Sidan 2009 har ho jobba i Sykehuspartner som avdelingsleiar. Frå 2012 til 2015 har ho vore prosjektleiar for eit av dei største prosjekta innan helse i Noreg og gjennomført eit stort endringsleiing- og systeminnføringsprosjekt med eit budsjett på over 900 MNOK. Ho er no assisterande programleiar for Program for Regional klinisk løsning i Helse Sør-Øst. Programmet skal levere éin pasientjournal i Helse Sør-Øst.

Spisskompetanse:
- Solid teknisk kunnskap
- Jobbar til dagen med program- og prosjektleiing og har god kjennskap til Prosjektvegvisaren
- Lang erfaring med endringsleiing i komplekse og samansatte organisasjonar

Kjetil Århus

har jobba med IKT og digitalisering i offentleg sektor sidan 2007. Frå 2007 har han hatt ansvaret for digitalisering i Bergen kommune, og han har hatt stillinga som IKT-direktør frå 2010. Som representant frå Bergen kommune, har Århus saman med Oslo kommune drive og hatt ansvaret for IKT-samarbeidet blant dei ti største kommunane (K10) frå det vart etablert. I tillegg har han bidratt aktivt i etablering og gjennomføring av KS-programmet KommIT og styringsgrupper/arbeidsgrupper som understøtter digitalisering knytt til samhandling stat/kommune. Han bidrar også som foredragshaldar og i programkomitear i større offentlege Ikt-konferansar

Spisskompetanse:
- Fokus på transformasjon, omstilling og endring
- Fokus på bygging av den nasjonale digitale infrastrukturen for offentleg sektor, slik at vi kan levere saumlause og heilskaplege digitale innbyggartenester
- Oppteken av at vi må stå saman for å bli sterke og relevante i det pågående transformasjons og digitaliseringsarbeidet

Ann Merethe Lysø Sommerseth

har lang erfaring som forretningsleiar innan innovasjon, digitalisering og kommersialisering av teknologi i privat sektor. Ho jobbar i dag hjå TrønderEnergi og er leiar for Digitale Tenestar og Produkt. Ann Merethe har vore daglig leiar for EGGS Design i Trondheim. I EGGS var ho også føredragshaldar samt strategisk rådgjevar innan innovasjon ved bruk av metodikkar innan desingdriven innovasjon. Ho har elles mange års erfaring som forretningsleiar for Digital Banking i EVRY Financial Services.

Spisskompetanse:
- Ein entreprenør, teknologi-entusiast og "design-Thinker" som er spesielt oppteken av at teknologi støttar oppunder brukarbehov
- Ser det store biletet, og har samtidig fokus på at ein brukar rett metodikkar for å lukkast i ein konkurranseutsett marknad

Alv H. Sørland

har arbeids- og leiarerfaring frå kommune, fylkeskommune, Kommunaldepartementet, Husbanken, Integrerings- og mangfoldsdriektoratet (IMDI), og frå ein næringsdrivande stifting. I IMDI var Sørland mellom anna programdirektør for direktoratets digitaliseringssatsing, kor han framleis er medeigar og styreleiar i eit teknologiselskap. Sørland er utdanna siviløkonom frå BI. I tillegg har han ein diplomgrad i planlegging frå Edingburgh College of Art. Alv. H. Sørland er i dag bydelsdirektør i Bydel Stovner, Oslo kommune

Spisskompetanse:
- Korleis Digitalisering vil og kan endre kommunal tenesteproduksjon
- Korleis offentleg sektor kan utvikle gode strategiar for ein digital kvardag
- Kva rolle toppleiarar kan og må ta for å lukkast med det digitale skiftet

 

Sharethis

Kontakt

Hjelp oss å bli bedre

Fant du det du lette etter?

Tilbakemeldinger blir ikke besvart. Gå til siden med kontaktinformasjon hvis du trenger hjelp.

* Påkrevd

Hjelp oss å bli bedre
*