Medfinansieringsordning for digitaliseringsprosjekt

Medfinansieringsordninga skal auke digitaliseringstempoet i offentleg sektor og realisere gevinstane av digitalisering.

Medfinansieringsordninga rettar seg mot små og mellomstore digitaliseringsprosjekt. Statlege verksemder kan søke om støtte opp til 50 % av prosjektkostnadane. Prosjekta må vere samfunnsøkonomisk lønnsame og gi reell gevinstrealiserisering.

111MILL

er delt ut til 14 prosjekt (2017)

3MRD

er den potensielle innsparinga for det offentlege på dei 14 prosjekta

Korleis søke?

Søknadsfristen for 2017 var 15. februar. Vi fekk inn 16 søknadar som søkte om vel 120 millionar og 14 av desse har fått innvilga totalt 111 millionar i støtte.

søknadssidene finn du søknadsmal (når det er tid for å søke), rettleiing og eksempel på forenkla samfunnsøkonomisk analyse og gevinstrealiseringsplan, svar på ofte stilte spørsmål og lysark frå rettleiingssamlinga i 2016.

Kva verksemder kan få midlar?

  • Statlege verksemder som ligg under staten som rettssubjekt. Dette omfattar ordinære forvaltningsorgan, forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan med særskilte (budsjett)fullmakter.
  • Kommunane og statlege verksemder som er eigne rettssubjekt er utanfor målgruppa og kan ikkje få tilskot gjennom ordninga.

Kva prosjekt er omfatta av ordninga?

  • Digitaliseringsprosjekt med prosjektkostnad frå 5 mill. til 50 mill. (inkl. interne lønnskostnader).
  • Prosjekta kan gå over maksimalt tre år.
  • Prosjekta skal vere sjølvstendige prosjekt/delprosjekt med eiga samfunnsøkonomisk lønsemd og tilknytta gevinstar.

Kor mykje midlar kan eit prosjekt få?

  • Ordninga dekker opp til 50 % av totale prosjektkostnader (inkl. interne lønskostnader).
  • Kvart prosjekt kan maksimalt få 15 mill. kroner i tilskot.

Krav til gevinstrealisering

Det er eit krav at 50 % av netto gevinst internt (i søkjarverksemda) skal realiserast ved reduksjon av framtidige budsjettrammer.  Netto gevinst betyr gevinst fråtrekt varige driftskostnader med ny løysing. Dette gjeld prosjekt som får tilsegn om medfinansiering frå og med 2017. Verksemda får altså behalde inntil 50 % av netto gevinst.

Om ordninga

Medfinansieringsordninga er, saman med Digitaliseringsrådet og Strategisk IKT-kompetanse for toppleiarar, ein del av KMDs Program for bedre styring og ledelse i staten.

 

Sist endra: 
05. jul 2017

Sharethis

Kontakt

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*