Satsingsforslag for store IKT-prosjekt

Store IKT-prosjekt som krev stor ressursinnsats over tid, kan finansierast gjennom eigne satsingsforslag.

Verksemda sender eit satsingsforslag for behandling som særskilt løyving til eige departement. Dette vert gjerne gjort etter samtalar med departementet. Eit satsingsforslag er ein omfattande og tidkrevjande prosess og er mest aktuelt for prosjekt som krev stor ressursinnsats over tid. Små og mellomstore prosjekt bør sjå på andre finansieringsmåtar.

Prosjekt som er med i kvalitetssikringsordninga (KS-ordninga), det vil seie prosjekt med ei kostnadsramme på over 750 MNOK, er ikkje beskrivne her.
På IKT-området vurderer Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) satsingsforslaga frå dei andre fagdepartementa og gir ei utsegn til Finansdepartementet (FIN) i budsjettprosessen.

Når fagdepartementet sender IKT-relaterte budsjettforslag til FIN, skal det også sendast ein kopi til KMD. Forslaga skal inkludere eit utfylt sjølvdeklarasjonsskjema, der verksemda kan dokumentere korleis investeringsforslaget oppfyller vurderingskriteria, og grunngi moglege avvik. Verksemder som gjennom overordna departement vil fremme IKT-relaterte satsingsforslag til FIN, må legge ved eit utfylt sjølvdeklarasjonsskjema.

I vurderinga av satsingsforslaga vil KMD legge vekt på forenkling og forbetring av offentlege tenester, effektivisering av offentleg sektor og kor godt forslaget er greidd ut.

Lang prosess frå forslag til løyving

Ei tidslinje for finansiering gjennom satsingsforslag kan gjerne sjå slik ut:

  • År 1
    Forslaget vert utarbeidd og sendt til eige departement normalt innan utgangen av oktober, fristen vert fastsett av eige departement. (Høyr med departementet kva fristar som gjeld)
  • År 2
    Forslaget vert behandla i budsjettrundane i regjeringa. Endeleg avgjerd vert gjort i den siste budsjettkonferansen til regjeringa før statsbudsjettet vert lagt fram for Stortinget i oktober.
  • År 3
    Så framt Stortinget vedtar det foreslåtte satsingsforslaget i budsjettbehandlinga, kan forslaget settast ut i livet.