Innhald

Kvalitet på nett

Eitt av arbeidsområda til Difi er å forbetre, brukartilpasse og auke kvaliteten på offentlege digitale tenester og nettstader. Gjennom prosjektet Kvalitet på nett gjennomfører vi mellom anna årlege kvalitetsvurderingar av både digitale tenester og nettstader for å kartleggje status på området og vere ein pådrivar for betre kvalitet.

Kriteriesett og kvalitetsvurderingar

Kvart år gjennomfører Difi kvalitetsvurderingar av ei rekkje både digitale tenester og nettstader frå det offentlege. Vurderingane gir ein god indikasjon på korleis det står til på området og fungerer som ein veiledar for verksemdene som eig dei i form av konkrete tilbakemeldingar på kva som er bra og kva som kan bli betre.

Difi har utvikla eit felles kriteriesett for dette formålet:

Kriteriesettet inneheld både bakgrunnsinformasjon og detaljert testmetode/framgangsmåte slik at det er mogleg å gjennomføre vurderingar av nettstader/tenester på eiga hand.

Prisutdeling

I tillegg til kvalitetsvurderingane deler Difi også ut ei rekkje prisar til dei som gjer det særskilt godt. Vinnarane blir kåra av ein eigen fagjury innan kategoriane Årets kommunale nettstad, Årets statlege nettstad og Årets digitale teneste.

All informasjon er samla på prosjektet sin eigen nettstad

På prosjektet sin nettstad finn du all informasjon knytt til prosjektet, mellom anna kriteriesetta, resultat og prisvinnarar.

Kvalitet.difi.no
Kvalitet på nett og digitale tjenester

 

Aktuelt

Prisen for årets digitale tjeneste til Husbanken

Husbankens løsning Søknad om startlån ble i dag tildelt prisen «Årets digitale tjeneste – Kvalitet på nett 2016» på Direktoratet for forvaltning og IKTs (Difi) digitaliseringskonferanse.

Tenestene kan bli betre på å sette brukaren i sentrum

Difi har no lagt fram vurderingane av offentlege digitale tenester for 2014. Resultata syner at det er mykje å gå på når det gjeld å lage brukarorienterte tenester, mellom anna når det gjeld mobiltilpassing og klart språk.

Kontakt