Er det fleire krav og retningslinjer du bør vita om?

Det kan vera vanskeleg å finna fram i jungelen av krav og retningslinjer. Kvalitetskriteria våre er ein god start og vel så det, men likevel er det eit par til du bør vite om når du skal lage gode digitale tenester.

ELMER

ELMER er eit sett retningsliner for offentlege nettskjema som skal bidra til at dei blir utforma på ein heilskapleg og brukarvenleg måte. Fleire av ELMER-krava er også med i vårt kriteriesett.

Retningslinene tek mellom anna for seg korleis struktur, utforming og funksjonalitet skal vere. Når offentlege skjema er utforma etter dei same tankesetta blir det enklare for brukaren og han kjenner seg igjen og slepp å lære seg nye ting uavhengig om han er hjå NAV eller Lånekassa.

Det betyr ikkje at alle skjema treng å sjå heilt like ut. Det handlar meir om at dei ulike skjemaelementa (som til dømes ledetekst eller hjelpefunksjonalitet) er plassert på same plass i alle skjema, og at funksjonaliteten oppfører seg likt.

Du er pålagd å følgje ELMER om du har skjema retta mot næringsdrivande, og anbefalt dersom du har skjema retta mot innbyggjarar.

ELMER står for «Enklare og meir effektiv rapportering» og blir forvalta av Brønnøysundregistra.

Gå til Brønnøysundregistra sine ELMER-sider.

Universell utforming

Universell utforming er viktig for at alle skal ha lik tilgang til tenester. Frå 2014 er det forskriftsfesta at nye IKT-løysingar skal vere universelt utforma og Difi fører tilsyn med ordninga.

Forskrifta krev at løysinga skal tilfredsstille 35 av dei 61 suksesskriteria i standarden WCAG 2.0 («Retningsliner for tilgjengeleg webinnhald»), det vil i praksis seie suksesskriteria på nivå A og AA (med nokre få unnatak). Vi har med nokre av dei 35 i vårt kriteriesett, men ikkje alle. Du vil altså ikkje tilfredsstille krava i forskrifta sjølv om du oppfyller våre kriterier.

For nye løysingar trådde krava i kraft 1.juli 2014, mens eksisterande løysingar har fram til 2021 på å tilpasse seg. Vi vil uansett anbefale alle å gjere dei naudsynte tilpassingane allereie no, slik at flest mogleg får nytte og glede av tenestene dine.

Gå til tilsynet sine sider for oversikt over krav og løysingsforslag.

IT-standardar

I offentleg sektor finst det ei rekkje både anbefalte og obligatoriske standardar du må ta omsyn til. Dette er viktig for å betre samhandlinga i offentleg sektor og betre tenestetilbodet til næringsliv og innbyggjar. Eksempel på slike standardar kan til dømes vere at innhald på nett skal publiserast som HTML (eller XHTML) og at du skal nytte UTF-8 (ISO/IEC 10646) som teiknsett.

Referansekatalogen inneheld ein oversikt over bruksområda til dei ulike standardane som gjeld for offentleg sektor.

Ein obligatorisk standard (blir bestemt av KMD/regjeringa) skal du følgje med mindre du fell inn under ei unntaksordning i forskrift. Anbefalte standardar (blir bestemt av Difi) skal du følgje med mindre du har gode grunnar til å la vere.

Gå til Difi sine sider for standardisering for oversikt over dei ulike IT-standardane.

Dei britiske designprinsippa

Desse er du på ingen måte pålagt å følgje, men vi anbefalar likevel alle å sjå gjennom dei. 10 prinsipp for korleis du kan lage betre tenester.

Gå til dei britiske designprinsippa.

Har vi gløymt noko?

Tips oss i kommentarfeltet!

Sist endret: 
30. aug 2017

Deldette

Kontakt

Fant du det du lette etter?

* er obligatoriske felter som du må fylle ut for å sende skjemaet. Hvis du har et spørsmål du ønsker svar på, vennligst se www.difi.no/om-difi/kontakt-oss

Fant du det du lette etter?
*